Eg har møtt meg sjølv i døra. Ei ung dame eg kjenner, toppelev på vidaregåande skule, er i ferd med å gjere sitt yrkesval. Ho har søkt to studiar: sivilingeniør og førskulelærar. Trass i at ho har ei genuin interesser for små barn og eit lag med dei ein sjeldan ser, var min første tanke å rå ho sterkt til å velje sivilingeniørstudiet. Eg har tatt meg i tenkje at ho skuslar bort talentet sitt om ho vel førskulelæraryrket.
Eg torer mest ikkje skrive det, men eg er redd eg ikkje er åleine om å tenkje slik. Kvifor skulle ikkje ho, med sine evner og talent, velje eit av dei mest ansvarsfulle og krevjande yrka vi har? Årsaka er openberr: løna.
Førskulelæraren må vere den siste, sanne idealist. I sitt yrkesval er dei tru mot eigne interessene og tek ansvar for framtida vår. Dei tek hand om det kjæraste vi har, barna, så vi kan arbeide for å realisere oss sjølve og skaffe oss den rikdomen vi trur vi treng. Dette gjer dei vel vitande om at yrkesvalet ikkje fører til eigen materiell rikdom.
Vel er dette biletet noko forenkla, men eg kan ikkje la være å undre meg over at ei yrkesgruppe med ein så ansvarsfull jobb vert så lite verdsett. Det er vanskeleg å stille yrkesgrupper opp mot kvarandre når det gjeld kven som er viktigast i samfunnet. Det merkast godt dersom jobben til dei fleste yrkesutøvarar ikkje vart gjort. Vi vert minna om det i desse streiketider. Likevel er det vanskeleg å sjå at det å ta ansvaret for utviklinga til barn gjennom store delar av den tida dei er vakne, skal løne seg så dårleg at førskulelærarar ikkje har råd til å busette seg i regionen vår.
Førskulealderen er avgjerande for utviklinga til barn. I Noreg er vi i ferd med å overlate ansvaret for desse avgjerande åra til ufaglærte. Mange barnehagar slit med å få førskulelærarar. Kan det vere så vanskeleg å passe ungar då, det kan vel kven som helst gjere tenkjer du kanskje. Livet i barnehagen inneber langt meir enn å passe ungar.
Foreldre i dag forventar, med rette, at poden får den beste oppfølging gjennom dagen og barna treng vaksne som kan stimulere utvikling. Kvart einskild barn skal utvikle seg motorisk, språkleg, sosialt og intellektuelt ut i frå sine føresetnadar. Samstundes må det skapast eit trygt og omsorgsfullt miljø for kvart einskild barn. Førskulelæraren sin jobb er å bidra til dette på ulike måtar, noko som krev planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske opplegg som gjer det mogleg for det einskilde barn å utnytte sitt utviklingspotensiale.
Førskulelæraren skal kunne legge til rette for leik, læring, utforsking og utvikling. Arbeidet krev samarbeid med foreldre, skule og instansar i hjelpeapparatet, mellom mykje anna. Dette krev høg kunnskap om utvikling hjå barn, og om pedagogisk og praktisk arbeid med barn.
Førskulelæraren skal ikkje vere nøgd med på løna samfunnet tilbyr i dag. Ei slik løn for ein av dei mest ansvarsfulle jobbane vi har i samfunnet, er ein skam. Heller ikkje i år retta lønsoppgjeret opp dette. Kor lenge skal førskulelærarar vente på å få ei anstendig løn? Og vi vente på at samfunnet gjer det attraktivt å ta ansvar for framtida vår? Få yrkesgrupper kan gjere så stor skade om dei gjer ein dårleg jobb. Eg vonar ho vel førskulelærarutdanning. Yrket er krev dei beste.




