Veit du skilnaden mellom tomatar og elevar? Det høyrest kanskje ut som opptakta til ein dårleg vits, og er det kanskje. Men det er nett dette eg har fundert på etter at eg nyleg kom heim frå mitt tredje besøk i Georgia. Landet langt mot aust kjende eg lite til før første besøk. I dag veit eg mellom anna at georgiske fagfolk arbeider systematisk for å heve standarden på utdanning generelt og for elevar med særskilte behov spesielt. Eg veit òg at Georgia har dei mest fantastiske tomatane ein kan tenkje seg.
Den tidlegare sovjetstaten hadde ingen tradisjon for inkludering av elevar med særskilte behov då utdanningsdepartementet vende seg til Noreg for 5-6 år sidan. Noreg er verdsmeistrar i inkludering av elevar med særskilte behov, hevda georgiske ekspertar og ville lære. Er vi best i verda på inkludering i skulen? Ikkje godt å seie. Vi har kome langt, men utviklinga er kanskje ikkje ideell. Sjølv om spesialskulane offisielt vart avvikla på 1990-talet, er det no fleire elevar i alternative tiltak enn då. Framleis møter vi haldningar i skulen om at elevar med behov for særleg tilpassing av opplæringa må få denne utanfor ordinære klasser. Slike haldningar er vanleg i Georgia òg. I tillegg er det ei lang rekkje praktiske hindringar for å inkludere elevar i ordinære klasser. Til dømes kan mangel på rullestol, eller heis i huset der eleven bur, vere nok til at eleven ikkje får opplæring saman med andre.
Sjølv om vi på mange område har kome lenger enn Georgia er det òg klare likskapar. Alle elevar er ulike. Det er ikkje eitt svar på inkludering, det som er rett for ein elev er ikkje rett for ein annan. Det gjeld uansett om eleven er georgisk eller norsk. Kvar elev har sine eigne behov. Utfordringa for lærarar og andre fagfolk er å identifisere behova, utvikle tiltak og løyse utfordringar. Slik er ein elev ein elev uansett kva land han bur i. Løysinga kan vere ulik frå elev til elev, men utfordringane i arbeidet er langt på veg dei same uavhengig av land.
Kva har så dette med tomatar å gjere? Tja, eigentleg ingenting, men etter fleire besøk i landet kjem eg ikkje utanom det georgiske kjøkenet. Eit georgisk festmåltid unner eg alle, ein symfoni av smakar norske ganer sjeldan opplever. Dei herlegaste rettar av kjøt og fisk: grilla, kokt, steikt og smaksett med urter av alle slag. Grønsaker i alle former og fasongar.
Tomaten har likevel ei særstilling, eit festmåltid i seg sjølv. Den georgiske tomaten er så djupraud at du ved første augekast mest trur han er overmoden og på veg til å rotne. Første bit gir derimot ein eksplosjon av smak, aroma og saftig nyting ein knapt kan tenkje seg. Noko heilt anna enn den bleike og smaklause utgåva vi ofte finn i butikken her heime. Tomaten og resten av festmåltidet minner om at rikdom og lykke ikkje berre kan målast i norske kroner eller georgiske lira, men i gode råvarer. Både det georgiske kjøkenet og skulevesenet har råvarer som rett foredla vert ein georgisk fest, litt etter litt. Arbeidet med inkludering i skulen har mykje til felles med eit georgisk festmåltid. Arbeidet tek lang tid, krev stor innsats og har mange og til dels komplekse foredlingsprosessar.
Kva er så skilnaden mellom tomatar og elevar? Jau, ein elev er ein elev uansett kvar i verda du kjem, men ein tomat er slett ikkje ein tomat kvar enn du er.




