MENY

Foreldresamarbeid i barnehagen

Barnehagen har plikt til, men óg stor nytte av, å samarbeide med foreldra. Samarbeidet går føre seg både på individ- og på gruppenivå.

Far og datter tar selfie. Foto: iStock. Samarbeidet med foreldra til det enkelte barn handlar om å utveksle observasjonar og vurderingar knytt til barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring. Begge partar kan ha nytte av å utveksle denne kunnskapen. Foto: iStock.

I Rammeplan for barnehagen (2017) står det:

«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. Barnehageloven §1.»

Sitatet framhevar det sentrale samarbeidet mellom heim og barnehage, der ein i fellesskap skal bidra til barnets trivsel og utvikling og der det beste for barnet alltid er ei målsetting.

Det er barnehagen som har ansvar for å leggje til rette for foreldresamarbeidet gjennom å ivareta foreldra sin rett til medverking, og danne grunnlag for god dialog. I den samanheng er det viktig at barnehagen anerkjenner alle foreldre som ein viktig ressurs, og møter foreldra på ein slik måte at dei opplever seg sett, høyrt og inkludert. I tillegg er det avgjerande at dei strukturelle forholda ligg til rette for eit reelt samarbeid – at det til dømes er møteplassar og tidsrom for å snakke saman i løpet av dagen og at det er rom for samtalar på tomannshand når situasjonen krev det.

Foreldre og personalet møter i hovudsak barnet på kvar sin arena og ser barnet i kvar sine kontekstar. Samarbeidet med foreldra til det enkelte barn handlar om å utveksle observasjonar og vurderingar knytt til barnet si helse, trivsel, erfaringar, utvikling og læring. Begge partar kan ha nytte av å utveksle denne kunnskapen. Saman kan ein bidra til ei meir heilskapleg og nyansert oppleving som grunnlag for godt samspel med barnet.

Dei uformelle og daglege samtalane i bringe- og hente-situasjonar kan mellom anna trygge foreldre om at personalet ser og varetek det enkelte barn, og  danne ein viktig base for foreldresamarbeidet. Det er viktig at desse uformelle samtalane, som føregår når andre born og foreldre er i nærleiken, er positivt vinkla og handlar om barnets opplevingar og mestring.

Etablerte, gode relasjonar mellom foreldra og dei tilsette gjer det lettare for begge partar å ta opp eventuelle bekymringar og utfordringar. Samtalane knytt til utfordringar må gjennomførast på tomannshand og bære preg av profesjonell oppfølging. Det er barnehagen sitt ansvar å handtere utfordringane i barnehagen, og personalet må grunngje og forklare korleis dei vil arbeide vidare for å nå felles mål.

I tillegg til det individuelle samarbeidet skal det gjennomførast eit foreldresamarbeid på gruppenivå. Foreldremøter er ein arena for å ta opp generelle tema, informere foreldre om pedagogisk og psykososialt arbeid i barnehagen og leggje til rette for at foreldra får reflektert og snakka saman, til dømes gjennom gruppeoppgåver. Foreldreråd og samarbeidsutval er samarbeidsorgan der intensjonen er å ivareta fellesinteresser i foreldregruppa og sikre aktiv medverking i den pedagogiske verksemda og drifta til barnehagen.

Tekst: Randi M. Sølvik