MENY

Da klokka klang...

Overgangen mellom barnehagen og skulen er stor, både for barn og foreldre, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Sigrun, Sigrun... sjå, eg har fått brev frå læraren!!! Seksåringen kom gledesstrålande mot meg då eg ringde på. Med få dagar til skulestart hadde kontaktlæraren sendt brev til den nye førsteklassingen. Vi las høgt frå brevet om læraren som gleda seg til å treffe ho igjen. Innskrivingsdagen på våren kom fram i minnet.

Læraren hugsar meg, strålte seksåringen. Det er sikkert fordi eg er så flink til å teikne I dag, fleire år seinare, er ho framleis overtydd om at ho er den einaste som fekk brev frå læraren før skulestart.

Den kloke læraren hadde sjølvsagt sendt brev til alle dei nye førsteklassingane sine, både for å ynskje kvar av dei velkomen til skulen og for å gi praktisk informasjon. Men det viktigaste læraren gjorde gjennom brevet var likevel å starte arbeidet med å skape ein god relasjon til kvar einskild elev.

Alt før første skuledagen hadde ho elevane si merksemd. For ein start ho hadde skaffa seg. Då dei møttest første skuledag, hadde ho sikra seg at kvart einskild barn visste at ho hugsa dei, var glad for å møte dei, og at ho såg fram til å verte betre kjent med dei. Dei var klar for å lære.

Den norske skulen utmerkar seg ved å ha trygge elevar, som trives på skulen, saman med lærarane og med medelevane. Internasjonale studiar tyder derimot på at norske elevar lærer mindre fagleg enn elevar i andre land. Ei positiv oppleving av skulen frå starten kan gi ringverknadar for heile skuletida, både fagleg og sosialt.

Barna treng då hjelp til å innarbeide gode vanar i skulearbeidet. Alt frå første skuledag bør arbeidet med å etablere gode rutinar og strukturar for skulekvardagen starte, både heime og på skulen.

Overgangen mellom barnehagen og skulen er stor, både for barn og foreldre. I barnehagen er det gjerne fleire vaksne som kan hjelpe, trøyste og støtte. I skulen vert gruppa større og barna må vere meir sjølvstendige. Det kan vere krevjande nok for ei gruppe der mange framleis er fem år.

Mang ein førsteklassing har i sommar øva på å kle på og av seg på eiga hand, gå på do åleine og vaske hendene etterpå, få på skoa sjølv (takk og pris for sko med borrelås) og å vente på tur. Slike ferdigheiter må nyslåtte førsteklassingar meistre ganske raskt når skulekarrieren startar.

Som foreldre kan de gjere mykje både for å styrke den faglege og den sosiale læringa. Vi fagfolk har ulike meiningar om kor mykje fagleg aktivitet barna skal ha utanom skuletida, men det er liten tvil om at de foreldre kan bidra mykje til læring og kunnskap hos barnet dykkar.

Å lære betyr ikkje nødvendigvis å terpe og pugge, sjølv om ein ikkje kjem utanom det heller. Læring treng ikkje vere kjedeleg. Sjå berre på Albert Åberg. I ei av bøkene oppdagar Albert at det finns tal overalt! Når Albert og pappa skal lage seksårsbursdag, leikar dei med tal: Dei bestemmer dato, slår telefonnummer, betalar i butikken og teller dagar til festen. Tal er morosamt, synes Albert.

Gjennom medvetne val av bøker du les med barnet ditt, kan de øve både leseforståing og talforståing hos barnet. Dessutan finn vi tal og bokstavar over alt i kvardagen. Læring kan skje heilt naturlig. Tenk berre kor vanskeleg det er å lære kinesisk. I Kina beherskar sjølv seksåringar språket perfekt.

 

Tekst: Sigrun K. Ertesvåg.

Teksten stod på trykk i Stavanger Aftenblad 17. august 2012.

UiS logo