MENY

Ny ordforrådtest for barn

Forskarar ved Læringsmiljøsenteret har utvikla ein ny vokabulartest for barn i overgangen mellom barnehage og skule.

Gut trykker på nettbrett medan to vaksne ser på.

Professor Ingunn Størksen, førsteamanuensis Ingunn T. Ellingsen, rådgivar Maren Stabel Tvedt og førsteamanuensis Ella Maria Cosmovici Idsøe ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret) har utvikla Norsk vokabulartest (NVT) for barn i alderen fem-seks år.

Skal nyttast i forsking
Det finst fleire internasjonale vokabulartestar, men forskarane ved Læringsmiljøsenteret sakna ein test for barn i overgangen mellom skule og barnehage. Det var tre hovudargument for å utvikla ein ny norsk test. For det første fins det ingen norske eller skandinaviske testar som måler vokabular for fem-seksåringar, og dei engelske og amerikanske testane har ofte kulturspesifikke ord som ikkje er aktuelle for norske barn. For det andre er eksisterande testar for store til at dei kan brukast på ei stor mengde testpersonar. I tillegg var det utfordringar med rettigheiter til testane sidan datainnsamlinga skjer ved bruka av nettbrett.

Testen vert brukt i datainnsamling i forskingsprosjektet Skoleklar som undersøkjer kva barnehagebarns sjølvregulering, merksemd og sosiale ferdigheiter har å seie for barns skulegang. Testing skjer ved bruk av nettbrett, og er meint å vera ein leik for barna. Sjå demonstrasjon av nettbrett-appen her (youtube).

Enkle og vanskelege ord
Totalt inneheld testen 45 illustrasjonar. Barna vert spurde om dei veit namnet på desse objekta, og det blir registrert om barnet svarar riktig eller feil. Det blei gjort eit grundig arbeid for å finne dei rette orda. Dei skulle både engasjere og vera relevante for barna, og i tillegg var det viktig at orda varierte i vanskegrad.

Orda er henta frå hus/heim, dyr/natur, barns kvardags- liv/kultur/menneske, mat og objekt med faguttrykk frå de vaksne si verd. Før testen starta fekk barna vite at nokre av orda var svært vanskelege, slik at dei ikkje opplevde nederlag om dei ikkje klarte alle. Nesten alle barna klarte orda «baby», «trampoline», «nøkkel» og «is», medan berre ein kunne ordet «kastanjett".

Sjå heile lista over kor mange barn som klarte dei ulike orda her.

Mor si utdanning viktig
I tillegg til å teste barna, har forskarane i Skoleklar-prosjektet samla inn informasjon frå foreldre og lærarar for å sjå kva som spelar inn på språkutviklinga hos barn. Som venta er det samanheng mellom dei som skårar lågt i testen og dei som har språkvanskar. Testen viser vidare at barn som har god sjølvregulering og få tilpassingsproblem har betre vokabular.

Forskarane fann og at mors utdanning hadde signifikant innverknad, medan far si høgaste utdanning ikkje gjorde utslag.  Vidare viser innsamla data at ordforrådet hos barn vert påverka av kor mange bøker for barn som fins i heimen og kor ofte det vert lånt barnebøker frå biblioteket.

- Så vidt vi vet er dette den første nettbaserte språktesten for barn i denne alderen i Norge. Vi har også vist frem nettbrettene og testane våre til våre amerikanske samarbeidspartnare som har latt seg imponere av denne muligheita. Det viser seg at nettbrett i datainnsamling heller ikkje er så vanlig der. Dermed må vi kunne seie at Læringsmiljøsenteret og NettOp ved UiS vært innovative i utviklinga av både denne og de andre testane i prosjektet, seier prosjektleiar for Skoleklar Ingunn Størksen.


Referanse
Størksen, I., Ellingsen, I. T., Tvedt, M. S., & Idsøe, E. M. C. (2013). Norsk vokabulartest (NVT) for barn i overgangen mellom barnehage og skole: Psykometrisk vurdering av en nettbrettbasert test. Spesialpedagogikks forskningsdel, 04/13, 40 - 54.

 

UiS logo