MENY

Den inspirerande læraren

Det er spanande å opne døra til eit nytt klasserom. Inntrykka er mange og ventar på å bli avslørt. Det startar allereie på utsida av døra. Lydane kan avsløre noko av det som ventar deg.

Er det engasjert prat mellom elevane? Er det dørgande stille? Kanskje er det ei einsleg stemme ein høyrer? Er det latter eller er det sinne? Ein kan få eit inntrykk på utsida av døra, men det er først når ein opnar, stig inn og sansar med heile seg at inntrykk og opplevingar utfoldar seg. Det er no ein kan erfare læraren i møte med elevane, elevane i møte med kvarandre og kulturen for læring i klasserommet.

Den gode læraren snakkar me om, for ikkje å gløyme den dårlege læraren – rundt middagsbordet, medan me heiar på poden på fotballkamp, eller går ut frå eit foreldremøte. Rektor og skuleleiing snakkar om og arbeider for den gode læraren. Kommunar og fylkeskommunar drøftar føresetnadar og forventningar til læraren, og regjeringa framhevar læraren si rolle for elevane si læring. Læraren står att som sentral for alt arbeid i skulen, og meiningane om læraren er allemannseige. Det er spanande – det betyr at temaet engasjerer. Det er skummelt også, fordi alle sit med ulik førstehandskjennskap og forvaltar ulike kjensler – og me dreg ikkje alltid i same retning. Ei felles retning som den enkelte elev er tent med.

Den dyktige læraren vert framheva i ulike fora, og ho vert etterspurt når ho ikkje blir nemnt. Lærerløftet – på lag for kunnskapsskolen (pdf) er regjeringa sitt siste innspel i debatten. Her løftast læraren som den viktigaste ressursen i skulen.

Sentrale poeng framhevast her som kjenneteikn på den gode læraren, den gode skulen og den gode skuleeigaren. Potensial og utfordringar blir nemnt. Den gode læraren framhevast med vekt på:

  • solid fagkunnskap
  • pedagogisk kompetanse, med evne til formidling og tilpassing
  • evne til fornying og utvikling
  • klasseleiing med vekt på relasjon og struktur
  • evna til vurdering og tilbakemelding

Dette er sentrale poeng som framhevar kompleksiteten i lærarkompetansen. Regjeringa sin strategi for å vidareutvikle den gode læraren ender med fire målsettingar, der læraren si fagspesifikke utvikling og kompetanse står att som eit overordna og sentralt tiltak. Så kan ein hevde at det gjennom arbeid med faget ligg underforstått ei utvikling i formidling, tilpassing, ønske og evne til fornying, klasseleiing, vurdering og tilbakemelding. Men er det nødvendigvis slik, eller forsvann brått vektlegginga av mellommenneskeleg kompetanse, vurderingskompetanse og leiarkompetanse med eit pennestrøk?

Det vart nyleg publisert ein forskingsrapport i Storbritannia med tittel Inspiring teachers: perspectives and practices (pdf) (Sammons, Kington, Lindorff-Vijayendran og Ortega 2014). Rapporten gir eit fruktbart og meiningsfullt innhald til kva som kjenneteiknar den inspirerande læraren, og vektlegg ei multi-metodisk tilnærming basert på perspektiv frå læraren, eleven og forskaren som observatør.

Lærarane i undersøkinga framhevar i særleg grad entusiasme for undervisning og positive relasjonar med elevane som sentrale karakteristikkar ved å vera ein inspirerande lærar. Dei to karakteristikkane framhevar den interaktive og sosiale dimensjonen ved undervisning og læring. Samstundes løftast kjenslene som sentrale i lærarane sitt arbeid.

Elevane framhevar overlappande poeng. Dei gir mellom anna uttrykk for at inspirerande lærarar:

  • har høge forventningar og gode relasjonar til elevane sine
  • etablerer utviklande og positive læringsklima
  • organiserer undervisninga på ein god måte med klare mål
  • er rettvise og hjelpsame og mulege å nærme seg
  • klarar å overføre læringsglede
  • legg til rette for positive læringsopplevingar, haldningar, motivasjon og engasjement

Dei ulike perspektiva utfyllar og overlappar kvarandre. Det same gjer observasjonane i klasseromma. Kompleksiteten i læraryrket er igjen framheva.

Kor blir det så av læraren sin fagkunnskap, er ikkje den sentral i forståinga av den inspirerande læraren? Læraren si faglege kunnskap er i følgje Sammons et.al (2014) nemnt i dei fleste observasjonsnotata, men utgjer ikkje eit hovudtema i denne rapporten. Forskarane understrekar likevel at ein ikkje må forstå dette slik at læraren si fagkunnskap er mindre viktig for inspirerande undervisning. Dei utvalte lærarane i denne undersøkinga var allereie opplevd av elevar og skuleleiarar som inspirerande, det var eit kriterium for å bli valt ut. Det er i følgje forskarane difor nærliggande å tru at dei  allereie var dyktige i sitt fag, og at deira faglege styrkar ikkje førte til sentrale variasjonar mellom lærarane i undersøkinga.

Eg har opna døra til klasserom kor engasjement og inspirasjon strøymer mot meg. Klasseromma kan vera ganske ulike, lærarar og elevgrupper likeeins. Læraren si evne til å sjå den enkelte elev, hennar tilpassing, støtte og tilrettelegging, hennar strukturerte organisering av undervisning og aktivitet er ofte gjennomgåande i desse klasseromma. Læraren som støttar elevane emosjonelt og fagleg, og som evner å organisere si undervisning og korrigering av åtferd på ein slik måte at den enkelte elev står att med ei oppleving av læring og meistring.

La oss fortsette å ivareta og løfte den viktige lærarkompetansen. Men la oss unngå å redusere kompleks kompetanse til å berre gjelde kunnskap og vidareutvikling i det underviste fag.