MENY

Klasseleiing er både å sjå og engasjere

Inge Eidsvåg uttaler i ein kronikk: "Den gode lærer ser elevene sine, finner dem der de er - og gir dem noe de ikke visste at de trengte." Det kan vel også samanfatte kompleksiteten i klasseleiing.

Ein masterstudent i spesialpedagogikk som også arbeidde som lærar på ein ungdomsskole, fortalte ein dag på førelesning at ho hadde sett i gang eit prosjekt i si klasse. «Jeg vil heve min kompetanse på elevene,» sa ho. Det ho hadde gjort var å bestemme seg for at to elevar kvar veke skulle få litt ekstra merksemd frå henne. Ho skulle være bevisst på å sjå dei, snakke med dei og gi dei ekstra merksemd. Dette fungerte veldig bra og erfaringane hennar var at det var ho som lærte noko, det var ho som gjorde nye erfaringar og det var ho som såg elevane på ein annan måte. Elevane endra seg, dei vart meir opne, meir sikker på seg sjølv og roligare. «Jeg har fått kjempe mye igjen for dette, og miljøet i klassen har endret seg. Nå gleder jeg meg til å gi flere elever litt ekstra oppmerksomhet, og jeg gir meg ikke før jeg har tatt hele klassen,» var læreren sin kommentar.

«Banking time» er en metode eller et omgrep som Pianta (1999) har brukt og som setter søkelys nettopp på det denne læraren har gjort. I «banking time» er relasjonsbygging det sentrale og det å investere i tid med elevane. Gjennom å investere i relasjonen til eleven og få gode opplevingar saman, får den vaksne meir å gå på når relasjonen blir utfordrande.

Pianta hevder at det er særlig dei barna som er spesielt utfordrande å komme inn i relasjon med som trenger varme og empatiske vaksne mest. I tillegg er dette også ein del av det å praktisere god klasseleiing og legge til rette for læring.

Ei mor fortalte om sonen sin som kom heim frå skolen med følgjande utsegn; «Læraren liker meg ikkje». Mora lurte på kvifor han sa det, og lurte på kva  som hadde skjedd.

«Han ser meg ikkje og bryr seg ikkje» seier guten. Mor prøver igjen å finne gode forklaringar på vegne av læraren. Men guten held på sitt og seier «Kan han ikkje berre sei hei til meg då?».

Eit viktig aspekt ved læraren si rolle som klasseleiar er nettopp å sjå elevane og at elevane skal føle seg sett. Men kanskje like viktig er det å engasjere og bruke elevane sin kunnskap i undervisninga, slik at dei føler seg viktig og deltakande i sin eigen læringssituasjon.

Læringsmiljøet er prega av dei som er der. Læraren er den som på mange måtar set standaren for korleis  elevane opplever situasjonen i klassen. Ein viktig faktor er kva oppfatning læraren har av eleven. Kva tenkjer han om elevane og korleis påverkar dette relasjonen? Eleven er 100% avhengig av å verte likt av læraren, seier May Britt Drugli.

Arne Garborg  formulerte seg slik ein gong : «Det hjelper korkje med timeplanar eller instruksar eller nokon ting; det som gjer skulen til det han er, er læraren.» (Eidsvåg 2005)

I eit godt læringsmiljø skal det gå føre seg læring. Nye og spanande fag skal lærast, oppgåve skal ein meistre, og ein skal få ta del i dette store som heiter læring. Korleis kan då læraren legge til rette for slik læring? Gjennom læringsstøtte og gode relasjonar kan læraren nå fram til eleven og skape dette engasjementet som er så viktig for læring. Det kan gjerast gjennom varierte oppgåver, variert undervisning og gjennom å la elevane vere deltakarar i eigen læringsprosess.  

Kan det være målet for klasseleiinga, at vi skal gi elevane gode læringsopplevingar?