MENY

Evidensbasert praksis vil styrke arbeidet mot mobbing

For ei tid tilbake gjennomgjekk eg ein operasjon. Kvar einaste dag etterpå har eg vore takksam for at kirurgen ikkje hadde metodefridom, men gjennomførte inngrepet med utgangspunkt i den fremste forskinga på feltet.

Debatten kring evidensbasert praksis i skulen er tidvis oppheta. Kritikarane hevdar mellom anna at lærarar må ha metodefridom som gir det handlingsrommet som er naudsynt for å gjere ein god jobb. Tilhengarar tilbakeviser dette med at metodefridom forstått som fridom til sjølv å velje det ein har tru på, ikkje kan vere praksis i skulen dersom alle elevar skal nå sitt potensial for læring.

Eg har undra meg over kvifor vi ser det som sjølvsagt at kirurgen ikkje skal ha metodefridom, samstundes som få stussar over debatten om læraren sin rett til metodefridom. Kvifor er det så sjølvsagt at ei yrkesgruppe som arbeider med menneske skal arbeide evidenssbasert, medan det ikkje er like sjølvsagt at ei anna gjer det?... og ikkje minst: Kva betyr det eigentleg å arbeide evidensbasert?

Dette er tema i ein artikkel eg publiserte i fjor. Artikkelen er særleg aktuell når vi no skal i gang med å realisere regjeringa si nysatsing mot mobbing. Korleis vi forstår evidens kan vere avgjerande for om vi lykkast med den fjerde nasjonale satsinga på dette viktige feltet. Samstundes er problemstillinga meir allmenn og ikkje avgrensa til arbeidet mot mobbing.

Evidensbasert praksis vert ofte misforstått
Når evidensbasert undervisning er sett opp som eit motstykke til metodefridom vert evidensbasert praksis ofte skulda for å devaluere profesjonell kompetanse og drepe læraren sin kreativitet. Ein argumenterer gjerne òg med at evidensbasert praksis gjer læraryrke til ein instrumentell profesjon som mekanisk skal handle ut frå retningsliner gitt av forsking. Det er heller ikkje uvanleg å argumentere at dette bygg på ein medisinsk forståing som ikkje eignar seg for arbeid med elevar.

Ein slik forståing av evidensbasert praksis er i beste fall mangelfull og ikkje i tråd med dei mest nytta  og aksepterte definisjonane. Desse definisjonane vektlegg at den ansvarlege praktikar alltid integrerer eigne erfaringar frå praksis med den fremste forskinga på feltet, samstundes som han tek omsyn til «klienten» sine verdiar, føresetnadar og forventingar.

Rett nok er dei mest nytta definisjonane frå medisin og psykologi, men det er vanskeleg å sjå at dette er mindre relevant innan pedagogisk verksemd. Slik er det derimot ikkje. Medan ein innan helseprofesjonar har lang tradisjon for å gå til forsking for å løyse utfordringar i praksisfeltet, er dette, som det vert illustrert i artikkelen, langt frå tilfelle i verksemd knytt til skulen.

Begge partar argumenterer ut frå mangelfull kunnskap
Ei utfordring i debatten kring evidensbasert forsking er at verken tilhengarar eller motstandarar synes å vere tilstrekkeleg kjende med kva evidensbasert praksis faktisk inneber. I tillegg har ein innan forsking på evidensbasert praksis eit strengt hierarki for kva ein vektlegg som evidens. I artikkelen argumenterer eg for at dette hierarkiet er naudsynt for å dokumentere at tiltak, til dømes mot mobbing, har effekt.

Samstundes kan ein drøfte om dette relativt einsidige fokuset på dokumentasjon av effekt er for snevert, og har vore med på å skape, eller forsterke, motstanden mot evidensbasert praksis. Eg argumenterer difor for at forsking, mellom anna på tiltak mot mobbing, vil tene på å ha eit breiare grunnlag for å styrke kunnskapen som skal gjere at ein oppnår resultata ein ynskjer. Ein skal ikkje redusere vekta på dokumentasjon av effektar, men ein vil tene på å supplere denne forskinga med til dømes forsking kring implementeringskvalitet.

I dag er det eit problem, også i Noreg, at ein forkastar tiltak mot mobbing som har effekt med den grunngjevinga at dei ikkje gir dei resultata ein hadde venta. Årsaka til at ein mislukkast er ikkje at tiltaket ikkje gir effekt, men at det ikkje vert sett i verk på ein måte som gjer at det kan redusere førekomsten av mobbing. Det resulterer i at tiltak som kan redusere mobbing, vert erstatta med tiltak som i beste fall har ukjend effekt, i verste tilfelle gjer situasjonen verre. Skal effektive tiltak gi resultat må den forskingsbaserte kunnskapen omsettast til praksis. Denne omsettinga vil krevje god innsikt og forståing av evidensbasert kunnskap. Ikkje mindre viktig er det å sjå denne kunnskapen i lys av læraren si erfaring og elevane sine behov. Her sviktar det for ofte.

Kirurgen og læraren har meir til felles enn ein gjerne trur
Framleis ikkje overtydd om at skilnaden mellom kirurgen og læraren ikkje er så stor? Kirurgen som gjennomførte operasjonen gjorde dette med utgangspunkt i nasjonale retningsliner for behandling av denne sjukdomen. Ein sjukdom som ter seg like forskjellig hos ulike pasientar som elevar i norsk skule er ulike. På same måte som det likevel er visse fellestrekk ved (grupper av) elevar er det visse fellestrekk ved sjukdomen hos ulike (grupper av) pasientar.

Med utgangspunkt i kva dei nasjonale retningslinene seier om nokre trekk ved sjukdomen som eg har til felles med andre pasientar, gjorde kirurgen vurderingar kring mi behandling i tråd med den siste forskinga på feltet. Dette saman med kunnskap om korleis sjukdomen ter seg akkurat hos meg og saman med kirurgen sine tidlegare erfaringar med sjukdomen hos ulike pasientar. Med bakgrunn i dette drøfta kirurgen behandlinga med meg, og eg var med å fatte den endelege avgjersla om visse sider ved inngrepet. For kirurgen var denne framgangsmåten sjølvsagt. Ho utøvde evidensbasert praksis og var med det med på å sikre at eg, og andre pasientar, får den beste behandlinga. Det er eg takksam for. For mange i skulen er ei slik tilnærming til utøving av praksis framand, om ikkje utenkeleg.


Referanse
Ertesvåg, S.K. (2015) Improving anti-bullying initiatives: The role of an expanded research agenda. Journal of Educational Change. 16, 3, 349-370.

 

Les meir av professor Sigrun Ertesvåg:

UiS logo