MENY

Trene på noko du kan

Vil du trene på det du er god på? Spørsmålet er kanskje litt sjølvmotseiande eller kanskje heller ikkje i tråd med det som er vår kultur. Og er det relevant for deg og meg? Er det relevant for elevar og lærarar?

Tanken om dette tema kom eigentleg opp tidleg på hausten i fjor då eg høyrde på eit portrettintervju med Petter Northug på radio. Der spurte programleiaren om kva Petter hadde gjort i sommarferien. Jau, han hadde sjølvsagt trena, og det meste av sommaren hadde han trena på dei siste hundre meterne, eller innspurten i eit løp. Programleiaren vart nok litt forfjamsa av svaret, og sa som sant er:
– Du som er så god og berømt for Northug-rykket, kvifor trener du heile sommaren på dei siste 100 meterne?"
– For å bli betre, svarte Northug.  

Han trener for å bli endå betre i noko han er veldig god på.  Det er kanskje litt spesielt? Om vi overfører det til skulen, til læring, så må vi spør: trener vi på det vi er gode på? 

Eg hugsar min matematikklærar frå barneskulen som sa til meg:
– Du må øve på talrekka til du kan ho i blinde, både baklengs og framlengs. Det er ikkje nok å berre kunne ho!

Eg husker dette godt fordi eg syntes eigentleg at eg kunne det godt nok, og at det å øve meir når eg kunne det, var litt meiningslaust. Det var no godt nok!

Kva er det Northug gjer som vi kan lære av?

  • Han vil bli betre, sjølv om han er god.
  • Han har eit klart mål.
  • Han trener på eit avgrensa område, dei siste hundre meterne.
  • Han er veldig spesifikk på området han trener på. Han trener ikkje alt, men ein del.
  • Han er klar på kvifor han trener.
  • Han set av tid til å trene.

Er det til dømes slik at i skulen er det nok å være god i noko, eller kan vi tenkje at vi kan bli endå betre i det vi er gode på?  I denne samanheng så tenkjer eg særskilt på læraren. Læraren er god på mange ting, og læraren øver seg kvar dag i klasserommet på å være ein gode klasseleiar til beste for eleven. Men – kan læraren bli betre på noko han er god på? Kan han også trene på "dei siste hundre meterne?"

I ulike samanhengar der eg til dømes møter lærarar til kurs, fordrag eller fagdagar, så møter eg ofte utseg som at  "Dette kan vi!". Og dermed stoppar det. Men kva med å bli veldig mykje betre, og som min matematikklærer sa: kunne det i blinde? 

Vi trener på det vi kan i ein samanheng og det er på treningssenter. Der er målet å løfte meir, klare fleire situps, få ned pulsen og opp med kondisen. Vi trener sjølv om vi er gode nok, fordi vi ønskjer å bli betre.

Om å vete kvifor

No er det nok slik at til dømes det å leie ei klasse er noko meir enn dei siste hundre meterne som Northug øver på. Men vi har forsking som gir oss kunnskap om kva vi kan bli betre på i klassen, korleis vi kan bli betre og kva som er særleg viktig å være god på. 

Eg trur vi kan trene oss betre. Når vi blir betre så blir vi sikrare på det vi gjer, vi får meir sjølvtillit og vi føler oss tryggare på at vi gjer det rette. God nok er kanskje ikkje godt nok? 

Elevane ser etter usikkeheit hjå læraren, og nye utdannalærarar opplever at dei møter ein praksis som dei  ikkje er budd påKunne meir spesifikk trening på nokre område gjort læraren endå meir sikker?

Kan trening på "innspurten " også være noko for læraren? 

Kva så med elevane?  Eller vi andre for den saks skuld – skal vi trene på det vi er gode på, for å bli endå betre? «Øvelse gjør mester» heiter det i ordtaket. Vi har mange meistarar, men vi treng endå fleire, og vi treng at fleire får høve til å bli det.

Klasseleiing, mobbing og vurdering for læring er område og tema som ofte er framme i diskusjonen når det er snakk om skulen. Kan vi trene oss betre på desse tema? Vi har kunnskap gjennom forsking på at læraren er viktig for eleven si læring, vi veit kva som er naudsynt for å stoppe mobbing og vi veit at læraren si tilbakemelding til eleven er sentral for eleven si utvikling. Vi veit også at lærarane lærar av kvarandre, av å arbeide saman, rettleie kvarandre og observere kvarandre i klasserommet. Det er også ei form for trening som gjer læraren betre i det han er god på.

Men kanskje er det ein skilnad på trening generelt og på Northug si trening; Northug er veldig spesifikk og reflektert på kva han skal gjer og kvifor, og han veit kva som må til.

Vi veit også kva som må til. Vi treng trening for å bli endå betre. Kanskje vi skal ta ein Northug? 

Med det ynskjer eg og Læringsmiljøsenteret dykk ein god sommar!