MENY

Ulike teoretiske perspektiv på klasseleiing

Kva perspektiv som ligg til grunn for synet på kva som er god klasseleiing har til dels samanfalle med trendar innan psykologisk og pedagogisk forsking generelt, men ulike perspektiv opptrer også samtidig og likeverdig. Kunnskap om ulike perspektiv og dei sterke og svake side ved ulike perspektiv er såleis nyttig i utvikling av konsistent klasseleiing.

Med utgangspunkt i det omfattande arbeidet redigert av Evertson og Weinstein Evertson and Weinstein (2006) presenterer Theo Wubbels (2011) i artikkelen An International Perspective on Classroom Management: What Should Prospective Teachers Learn? seks teoretiske tilnærmingar til klasseleing.

Wubbels har tatt for seg klasseleiing med fokus på ekstern åtferdskontroll, indre åtferdskontroll, på læreplanar, økologisk basert klasseleiing, diskurs basert klasseleiing og interpersonleg klasseleiing. Her ser vi kort på to tilnærmingar, interpersonlege relasjonar og åtferdsteoretiske perspektiv, som omfattar ekstern og indre åtferdskontroll.

Les meir:

UiS logo