MENY

Interpersonlege relasjonar

I dag er klasseleiing med vekt på interpersonlege relasjonar det perspektivet som er mest sentralt i forsking. Denne tilnærminga til klasseleiing vektlegg utvikling av gode relasjonar mellom lærarar og elevar.

 Fokuset er i stor grad på læraren sine handlingar og korleis læraren gjennom å endre eiga åtferd kan endre elevane si åtferd. Læraren kan påverke åtferda både til elevane individuelt og i heile klassa gjennom systematisk og balansert relasjonsbygging til den enkelte elev og klassa, samstundes som læraren gjennom å  føre tilsyn med åtferd og utviklar rutinar og stadardar for ønska åtferd.

Læraren balanserer såleis relasjonsbygging og grensesetting. Dette perspektivet på klasseleiing har røter tilbake til Kurt Lewin og hans forsking på tre ulike lærarstiler, den autoritære, la det skure og den som han fann var mest effektiv, den demokratiske. Seinare har andre forskarar bygd på dette og vidareutvikla perspektivet.

Skal ein vere noko kritisk til dette perspektivet, der ein vektlegg relasjonsbygging og kontroll, eller det ein kan omtale som emosjonell støtte og tilsyn (Ertesvåg, 2011) er at det manglar eksplisitt fokus på ein tredje viktig aspekt ved lærarane si støtte til elevane, akademisk støtte som er retta mot å hjelpe elevane til å utvikle seg best mogleg fagleg (Ertesvåg, 2009). Seinare perspektiv har vektlagt dette i sterkare grad, til dømes Robert Pianta og kollegaer (t.d. Allen et al., 2013).

Les meir:

UiS logo