MENY

Åtferdsteoretiske perspektiv

Eit anna sentralt perspektiv er åtferdsteoretiske tilnærmingar som er interessant særleg fordi klasseleiing forankra i dette perspektivet truleg er det eldste forskingsbaserte tilnærminga og har solid forskingsbasert forankring.

Dette perspektivet har vore, og er framleis eit dominerande perspektiv både i utdanningsforsking, og i lærarutdanningane (Landrum & Kauffman, 2006). Særleg innan spesialpedagogikk, og i tidleg alder er perspektiv framleis sentralt.

Klasseleiing basert på dette perspektivet bygg i stor grad på positiv eller negativ forsterking som gjennom løn for venta åtferd og fjerning av løn er venta å leie til den venta åtferda. Til dømes vil elevåtferd vi ikkje ynskjer og som vert ignorert, gradvis forsvinne.  I dag har åtferdsteoretiske tilnærmingar fått eit ufortent dårleg rykte. Ei av årsakene til dette er at klasseleiing vert ofte vert implementert tilfeldig, inkonsistent eller direkte feil, like ofte som det vert implementert slik at det gir resultat.

Dette er eit problem som ikkje berre rammar åtferdsteoretiske tilnærmingar, men Wubbels understrekar dette som ei viktig problemstilling knytt til all pedagogisk verksemd. Dette kjenner vi godt igjen òg frå implementering av tiltak i norsk skule. Tiltak som er dokumentert effektive, vert ofte i praksisfeltet sett som lite effektive.  Hovudårsaka til dette er ikkje at tiltaka ikkje har effekt, men dei vert ofte implementert ufullstendig eller ikkje i det heile. Då kan tiltak ikkje gi effekt.

Det vert som å klage til produsenten av hovudpinetablettar over att pillen ikkje fjernar hovudpina, når pilla framleis ligg i pakka og du ikkje har tatt ho (Ertesvåg, 2012).


Les meir om:

UiS logo