MENY

Ei teoretisk ramme for å forstå

Artikkelen til Wubbels er ikkje uttømande og dekkjer ikkje alle teoretiske perspektiva på klasseleiing, men gir god oversikt over sentrale perspektiv og presenterer såleis eit god grunnlag for å forstå klasseleiing ut frå ulike teoretiske perspektiv.

Den teoretiske kunnskapen kan vere eit godt grunnlag for det dagelege, systematiske arbeidet med utvikling av god klasse- og gruppeleiing. Innsikt i ulike teoretiske perspektiv kan òg auke føresetnadane for å forstå ulike forskingstradisjonar sitt bidrag til klasseleiing, eit utgangspunkt for utvikling av praksis.

Saman med kunnskap om implementering og skuleutvikling kan den teoretiske kunnskapen om ulike perspektiv på klasseleiing bidra til kunnskap som gjer at ein kan vurdere ulike typar tiltak og praksis innan klasseleiing, og ikkje står i fare for å la hovudpinepilla ligge igjen i pakka, eller ta feil dosering.
 

Les meir:

UiS logo