MENY

Forsking ved Læringsmiljøsenteret

Forsking er ein viktig del av arbeidet ved Læringsmiljøsenteret. Vi skal utvikle ny kunnskap gjennom eigen forskingsaktivitet. Vi skal produsere forsking som er relevant og nyttig for utdanningssektoren. Forskinga skal vera fri og halde høg  kvalitet, jfr §1.5 i Lov om Universiteter og høgskoler.

Forskarane ved Læringsmiljøsenteret kjenner og forpliktar seg til å følgje etiske retningsliner for samfunnsfag, humaniora, juss og teologi, vedtatt av den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsfag og humaniora (NESH).

Desse sidene presenterer ei oversikt over forsking ved senteret. Her finn du fagfellevurderte artiklar som er publisert i nasjonale og internasjonale tidsskrift, fagfellevurderte bøker og kapittel i bøker og publiserte forskingsartiklar, kapittel og bøker som ikkje har vore gjennom fagfellevurdering.

Vi presenterer òg oversikter over doktorgradsprosjekt og andre pågåande forskingsprosjekt ved senteret.

Fleire studentar ved Universitetet i Stavanger (UiS) skriv masteroppgåve i spesialpedagogikk. Rettleiing av masteroppgåver er ein del av senteret sitt arbeid ved UiS. Vi bruker den anledninga til å utvikle kunnskap som er viktig for arbeidet ved senteret. På desse sidene presenterer vi masteroppgåver som har fått karakteren A eller B, og som vi meiner representerer relevant kunnskap innan feltet læringsmiljø og åtferd i barnehage og skule.

Les meir om master i spesialpedagogikk.
 

UiS logo