MENY

Klasseleiing – teori til praksis

CIESL-prosjektet vil utvikle kunnskap om korleis lærarar vidareutviklar interaksjonen med elevane i klasserommet gjennom deltaking i ein intervensjon som fokuserer på klasseleiing.

Lærar i eit klasserom med elevar som sit rundt.

Eit anna mål er å undersøkje korleis faktorar i organisasjonen kan fremme eller hemme implementeringa, og i neste omgang ha innverknad på elevane sitt læringsutbytte.

CIESL står for Classroom interaction for enhanced student learning.

Vi har mykje kunnskap om kva som karakteriserer effektiv interaksjon mellom lærarar og elevar men vi veit langt mindre korleis lærarar kan omsette denne kunnskapen til praktisk handling i klasseromet. Ei sentral målsetting i prosjektet er å utvikle meir kunnskap om korleis lærarar omset forskingsbasert kunnskap til praktisk handling i klasserommet.

Dei seinare åra har det vore auka merksemd på læraren si utøving av klasseleiing både fagleg, politisk og innan forsking. Læraren si samhandling med elevane er ein av dei viktigaste faktorane for å skape gode læringsmiljø sosialt og fagleg.

Trass i auka merksemd på støttande relasjonar mellom lærarar og elevar er det framleis eit gap mellom den kunnskapen ein har om støttande relasjonar til elevar og det som kjem elevane til gode i klasseromet.

Resultat vert formidla til ei rekke brukar (lærarar, studentar, lærarutdannarar, skulefagleg tilsette i kommunar, forskarar o.l.) nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet vil medverke med kunnskap til lærarstudentar og lærarar i ulike fasar av karrieren på eit område som kan vere avgjerande for elevar si læring og læringsutbytte. Kunnskap frå prosjektet kan òg redusere utfordringar for nyutdanna lærarar og såleis medverke til å redusere fråfall frå yrket.

CIESL er eit samarbeid mellom Institutt for grunnskuleutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS, Universitetet i Stavanger)Fakultetet for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (EFL, Høgskulen i Telemark) og Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger) som leder prosjektet. 

Prosjektet er støtta av FINNUT-programmet til Forskingsrådet