MENY

Deltakarar i studien

Studien er ein intervensjonsstudie der skular som deltek i den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling (UiU) vert invitert til å delta.

Lærar skriv på tavla.

Totalt vil 15 skular fordelt på to grupper delta. Åtte skular som startar opp i 2014 deltek til januar 2016. Ei ny gruppe skular vil delta frå hausten 2016 til januar 2018. Studien omfattar skular som har klasseleiing som fordjuping.

Her kan du lese meir om Ungdomstrinn i utvikling

Ved dei 15 intervensjonsskulane vert alle elevar og lærarar på ungdomstrinnet invitert til å delta, på skular med 1.–10. trinn kan studien omfatte elevar frå 5. trinn. Alle elevar og lærarar deltek i spørjeskjemaundersøkinga. I tillegg deltek ei gruppe på 68 lærarar på kvar skule og deira klasserom i ein meir omfattande undersøking av  klasseleiingspraksis i klasseromet og forutsetningar for å vidareutvikle slik praksis.

I tillegg vil inntil 15 skular delta i ei samanlikningsgruppe. Desse skulane vil berre delta i spørjeskjemaundersøkinga.

UiS logo