MENY

Publisering og formidling av resultat frå prosjektet

Forskargruppa i CIESL har ambisjonar om å utvikle kunnskap som er interessant for eit breitt spekter av brukarar som lærarar, rektorar, skuleeigarar, skuleadministrativt personale, lærarutdannarar og forskarar.

Med dette utgangspunktet vil vi publisere og presentere resultat på ei rekkje ulike måtar for å nå ulike brukargrupper.

Internasjonal publisering

Forskingsresultat vert i første omgang presentert i artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift. Dette sikrar mellom anna at publiseringa vert vurdert og kommentert av uavhengige forskarar som del av fagfelle vurderinga desse tidsskrifta har. Såleis bidreg dette til å kvalitetssikre publiserte resultat i studien. Vi vil også presentere resultat frå studien på internasjonale vitskaplege konferansar, første gang i januar 2015. Presentasjon på internasjonale konferansar gir både høve til å informere om funn og til å drøfte studien og resultat frå den med internasjonale kollegaer.

Publisering for praksisfeltet

Resultat publisert i internasjonale vitskaplege tidsskrift vil, saman med andre resultat, danne grunnlag for publisering av artiklar i fagtidsskrift som «Utdanning»  og «Spesialpedagogikk». I tillegg vert bøker og bokkapitel retta mot praksisfeltet og mot pedagogisk utdanning på ulike nivå.

Undervisning og foredrag

Forskargruppemedlemmen underviser på ulike nivå i frå lærar- til doktorgradsutdanning, og vil fortløpande nytte funn frå studien for å forbetre undervisninga. Vidare vill funn presenterast i kurs, seminar og  forelesingar. 

Kunnskap om effektiv klasseromspraksis kan vere særleg viktig for framtidige og nyutdanna lærarar, men kan også vere ei støtte for lærarar gjennom karrieren. Difor vil det vere særlege målgrupper for formidling til praksisfeltet.

Nettside og Facebook

Her på nettsida til prosjektet vil vi fortløpande omtale artiklar, bokkapitel og bøker som presenterer resultat frå prosjektet, slik at praksisfeltet kan verte kjend med publikasjonane. I tillegg vil prosjektet si Facebook-side presentere nyheiter i prosjektet og omtale artiklar og ressursar som er fagleg relevant for prosjektet. Både på nettsidene og Facebook-sida vil vi legge ut videosnuttar, pod-cast, tips og korte faglege innlegg.

UiS logo