MENY

CIESL-prosjektet i Vetenskapens värld på SVT

I juni hadde CIESL-prosjektet og Kristianslyst skule i Stavanger besøk av eit reportasjeteam frå Vetenskapens värld, Sveriges television (SVT) sitt vitskapsprogram. Måndag 4. september kl. 20.00 vert programmet med reportasjen sendt på SVT2.

SVT filmar i eit klasserom. SVT filmar klasse 10a ved Kristianslyst skule.

Bakgrunnen for besøket er at det har vore lite forsking på læraren sitt leiarskap i klassa i Sverige. Det påpeikte professor Jan-Eric Gustavsson då den svenske offentlege utgreiinga Samling för skolan – Nationell strategi för kunskap och likvärdighet SOU 2017:35 vart presentert tidlegare i år.

Eit offentleg oppnemnt ekspertpanel, leia av Gustavsson, har i utgreiinga gitt konkrete tilrådingar for vidareutvikling av svensk skule. Her trakk dei mellom anna fram behovet for forsking kring lærarrolla i klasseromet. I Noreg er forsking på dette området relativt omfattande. Med bakgrunn i dette ynskte Vetenskapens värld å vite meir om forskinga i CIESL-prosjektet

Reportasjen tar utgangspunkt i utfordringar i svensk skule. Her ser ein nærare på korleis forsking på læraren si leiing i klasserommet kan gi ytterlegare kunnskap om korleis interaksjon i klasserommet er knytt til elevane sitt læringsutbytte. Forskarar ved Læringsmiljøsenteret og lærarar og elevar ved Kristianslyst skule er med i reportasjen.

UiS logo
SVT filmar professor Sigrun K. Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret.

Intervjuet med professor Sigrun K. Ertesvåg, som er prosjektleiar i CIESL, kan du sjå i Vetenskapens värld 4. september.