MENY

Inviterer nye skular til å delta i CIESL

No er vi godt i gang med å invitere skular til å delta i ei ny gruppe i CIESL prosjektet. I vekene framover vil vi kontakte og informere nye skular som skal delta i CIESL frå august/september 2016 til januar 2018.

Vi informerer skular i pulje 4 av Ungdomstrinn i utvikling om CIESL-prosjektet

Kven vert invitert?

Eit utval skular som deltek i 4. pulje av Ungdomstrinn i utvikling og har klasseleiing som satsingsområde vert invitert. I CIESL vil vi fylgje desse skulane gjennom perioden dei deltek i den nasjonale satsinga som har som mål å vidareutvikle ungdomstrinnet.

Både skular med ungdomstrinn og skular med 1.–10. trinn vert invitert for å få god representasjon av variasjonen av norske skular som har elevar på ungdomstrinnet. Av same grunn vil vi invitere skular både i dei store byane og i distrikta.

I tillegg til skulane som deltek i 4. pulje i Ungdomstrinn i utvikling vil vi invitere skular som skal delta i ei samanlikningsgruppe som ikkje arbeider spesielt med klasseleiing i denne perioden. I denne samanlikningsgruppa deltar skular som liknar skulane som er med i Ungdomstrinn i utvikling på visse områder. Døme er storleik, by/land, type skule (ungdomsskular/kombinerte skular). Lærarar og eit utval klasser ved skular i samanlikningsgruppa vil delta i spørjeskjemaundersøkinga.

What’s in it for us?

Å delta i eit forskingsabeid, kan gi eit ekstra «gir» til arbeidet i satsinga og det kan vere fleire gevinstar av å delta i prosjektet både for skulen og for den einskilde lærarar. Deltaking i CIESL inneber at ein bidrar til at vi utviklar kunnskapen vi har om kva som kjenneteiknar god interaksjonen mellom elevar og lærarar. Vi vil også utvikle meir kunnskap om korleis ein som lærar kan arbeide med å styrke interaksjonen med elevane. Denne kunnskapen får skulane som deltek i prosjektet del i.

I tillegg får kvar skule tilbakemelding på resultata frå spørjeskjemaundersøkinga både generelt og på eigen skule. Desse resultata kan nyttast for å målrette arbeidet i satsinga og vi i CIESL-prosjektet vil bidra til å tolke resultata dersom skulen ynskjer det. Lærarane som deltek i observasjonane vil få tilbod om kopi av opptak frå eigne klasser. Opptaka kan vere nyttigei eigen vidareutvikling. Saman med loggane som desse lærarane skriv ein gang i semesteret (totalt tre loggar) kan dette bidra til refleksjon rundt, og vidareutvikling av, eigen praksis.

Vi gjer avtale med den einskilde skule både om korleis CIESL-prosjektet kan legge til rette for ei så enkelt gjennomføring som mogleg og kva samarbeidet med den einskilde skule skal innebere totalt sett. Dette vil variere både ut frå at skular har ulike behov for støtte og ulike ynskjer.

UiS logo