MENY

Masteroppgåve om systemretta arbeid for dei stille elevane

Tøri Brøvig Dybesland brenn ekstra for rolege elevar. I masteroppgåva si ser ho nærare på korleis skular kan hjelpe desse elevane.

Rundt 15 prosent av elevar i norsk skule er sosialt hemma, og ofte blir dei rolege elevane oversett.

Førebyggje og ivareta

Som lærar opplevde Dybesland lite merksemd på dei elevane som gjer lite av seg sosialt eller fagleg. Første året på masterutdanninga i Utdanningsvitskap retning spesialpedagogikk fekk ho ein vekkjar.

– Vi hadde eit emne som heiter Emosjonelt og sosialt sårbare barn og unge i barnehage og skole.

Der fekk eg ei stadfesting på noko eg har kjent mykje på i skulen. Der blei dei stille elevane sine vanskar sidestilt med elevar med åtferdsvanskar, seier Dybesland.

Det er gjerne elevane med åtferdsvanskar som får mye av skulens merksemd, medan elevar som slit i det stille gjerne forsvinn litt ut av fokus, og dermed ikkje får den støtta og tilrettelegginga de treng.

Ho bestemte seg for å skrive masteroppgåve om tiltak for å betre det psykososiale miljøet for dei stille elevane. I intervju med rektorar, lærarar og sosiallærarar oppdaga ho at mange tilsette i skulen er usikre på korleis dei skal handtere dei stille.

 Ofte er det tilfeldig om desse elevane vert fanga opp. Mange av dei tilsette kjenner seg att, men veit ikkje heilt kva dei kan gjere. Mange manglar òg kunnskap om kjenneteikn på emosjonelle vanskar, seier ho.

I masteroppgåva ser ho på korleis skular kan arbeida systematisk for å skape eit miljø som er positivt både for enkeleteleven og heile skulen.

 9a gjeld meir enn mobbing

Læraren si klasseleiing og relasjonane til elevane er viktig for å skape eit godt psykosoialt miljø. Dette går rett inn i temaet til CIESL-prosjektet, som handlar om klasseleiing frå teori til praksis. Prosjektet byggjer på dei tre områda Robert Pianta held fram som sentrale for ein lærar å arbeide med i klasserommet. Det eine av desse områda er emosjonell støtte, som er sentralt i Dybesland si oppgåve.

Opplæringslovens kapittel 9a slår fast at «Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring». Dybesland meiner dette handlar om meir enn å arbeide mot mobbing.

 Arbeidet mot mobbing er viktig. Det kan likevel vere fleire sider ved det psykososiale miljøet som skaper mistrivsel, og det er ein minst like stor del som slit med emosjonelle vanskar. Difor er det viktig at skulen er bevisst på kjenneteikn, og at dei kan leggje til rette for desse elevane, seier ho.

Dei stille elevane kan bli einsame, noko som igjen kan føre til at dei sluttar på skulen når dei kjem på vidaregåande.

 I ungdomstida aukar risikoen for emosjonelle og psykiske vanskar. Difor har eg vald å sjå nærare på korleis ungdomsskular kan fange opp og hjelpe dei stille elevane, seier ho.

I tillegg til intervju, samanliknar Dybesland dokument som seier kva elevane har krav på, med skulane sitt arbeid for psykososialt arbeid. Skulane som er vald ut, er langt framme i å tenke systemretta arbeid.

UiS logo
Tøri Brøvig Dybesland

Tøri Brøvig Dybesland