MENY

Oppstart for CIESL

Dei neste fire åra skal forskarar frå Noreg, Sverige, Storbritannia og USA forske fram kunnskap om korleis lærarar tar i bruk teori om klasseleiing. I september var forskingsgruppa samla for første gong.

Det store forskingsprosjektet har fått namnet CIESL, ei forkorting av Classroom interaction for enhanced student learning.

Forskarar frå Universitetet i Stavanger, Høgskolen  i Telemark, Göteborgs universitet (Sverige), Pennsylvania State University (USA) og University of Oxford (Storbritannia) deltek i prosjektet. I midten av september var dei samla for første gong, og i løpet av to dagar la dei grunnlaget for arbeidet dei neste åra. Dei to dagane vart nytta til faglege diskusjonar og til sosiale aktivitetar for å «riste» gruppa saman.

Blandar forskingsmetodar

Professor Pam Sammons frå University of Oxford haldt ein introduksjon til forskingsmetoden som vert kalla mixed-methods. I denne metoden brukar forskarane både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar i datainnsamling og analysering. Metoden er krevjande, men kan gi betre resultat enn om ein berre nyttar den eine metoden, forklarte Sammons som har arbeida mykje med denne metoden.

I prosjektet skal forskarane blant anna observere lærarar i klasseromet, intervjue lærarar og bruke loggar og spørjeskjema frå lærar og elevar. Til saman skal 120 lærarar ved 15 skular i Rogaland og Telemark vera med i prosjektet.

I løpet av samlinga arbeida forskarane i grupper for å planlegge korleis dei best kan ta seg av dei ulike delane av datainnsamlinga.

Universitetslektor Ulf Blossing ved Göteborgs universitetet er og med i prosjektet. Under samlinga hadde han eit innlegg om forbetringskapasitet i lokale skuleorganisasjonar. I tillegg presenterte prosjektleiar og professor Sigrun K. Ertesvåg og førsteamanuensis Elsa Westergård korleis ein arbeidar med videoobservasjon og vurdering av desse.

Professor Mark T. Greenberg frå Pennsylvania State University var ikkje med oss, men vi hadde kontakt på Skype, slik at han også fekk ta del i det første møtet. Etter desse to dagane er forskargruppa klar til innsats og ser fram til spanande år med forsking.

Prosjektet starta formelt 1. august i haust, og vil gå over fire år. Prosjektet er innvilga 10 millionar kroner frå Forskningsrådet.

UiS logo
Forskarane i CIESL samla for første gong.

Forskarane i CIESL samla for første gong.