MENY

Workshop i systematisk observasjon i Stavanger 26.–27. september

Vi har gleda av å invitere forskarkollegaer til workshop om systematisk observasjon. Saman med forskarar frå tre andre prosjekt har vi fått midlar frå Forskingsrådet til ei todagers samling der vi vil drøfteproblemstillingar knytt til observasjon som metode i klasseromsforsking. Kanskje dette er noko for deg?

Workshop om systematisk observasjon

I september vert det arrangert ein workshop for forskarar som nyttar systematisk observasjon i pedagogisk forsking  Workshopen tar utgangspunkt i Classroom Assessment Scoring System (CLASS), men vil vere relevant for forskarar som nyttar andre systematiske protokollar som til dømes PLATO eller Framework for Teaching.

Associate Director Bridget Hamre, CASTL, University of Virginia og ein av utviklarane av CLASS vil halde keynote innlegg første dag. Andre dag vil  Professor Marja Kristiina Lerkannen, University of Jyväskylä halde keynote innlegg. Marja-Kristiina og hennar forskarteam er truleg dei mest erfarne med bruk av CLASS i Europa, og har nytta dei ulike alderstilpassa manualane.

I tillegg vert deltakarane invitert til å bidra med kortare innlegg eller ta opp problemstillingar dei ynskjer å drøfte til rundebordsdiskusjonar i seminardelen.

Saman med forskarar frå tre andre prosjekt med finansiering frå Forskingsrådet, RespMath, Two Teachers og TasS har CIESL prosjektet fått tildelt midlar frå Forskingsrådet til  workshopen. Alle dei fire prosjekta nyttar CLASS i sine prosjekt. Eit av måla med workshopen er å skape ein arena for drøfting av erfaring, metodisk utvikling og generelt styrke metodekunnskapen innan storskalaobservasjon.

Vi ynskjer å samle både erfarne forskarar og forskarar under utdanning. Difor arbeider vi no med å få på plass eit doktorgradskurs i tilknyting til workshopen som gjer at phd-studentar kan få studiepoeng for workshopen. Dette forutset noko meirarbeid i for og  etterkant. 

Meir informasjon om workshopen og tentativt program finn du her (pdf).

Vi ber interesserte forskarar om å merke seg fristar for innmelding av abstract for presentasjonar og registrering. Det er begrensa med plassar på workshopen.