MENY

Organisering i LP-skular

Arbeidet vert organisert i tråd med ideen om lærande organisasjonar. Auka kunnskap og kompetanse i eit støttande og positivt læringsfellesskap. Lærarar får høve til å ta imot ny kunnskap som dei kan reflektere over. Samstundes utfordra lærarane kvarande med omsyn til den einskilde sin pedagogiske praksis.

Det handlar om å ta i bruk nye omgrep og å skape seg framtidsbilete som gir moglegheiter til å endre sin eigen pedagogiske praksis. Dette kan så reflektere ny kunnskap og innsikt slik at ein gjer konkrete forbetringar i klasserommet.  Kompetanse skal utviklast og delast.

Ved å organisere arbeidet i grupper, på tvers av team og trinn, som møtes systematisk kvar annan veke, kan lærarar utvikla ein kultur kor dei gjennom refleksjon kan få eit overordna blikk på det som er komplekst og vanskeleg i kvardagen. Dei vil trene seg i både å støtte og utfordre kvarandre og utvikla ein gjensidig kollegial tillit.

Det er eit mål at kvar einskild lærar blir ein aktør som argumenterer og står for det ho/han seier, og slik utviklar seg som ein autoritativ klasseleiar. I det ligg også at lærarar vert merksam på og synar interesse for elevane sin oppleving av ulike situasjonar.

Mål for arbeidet med LP-modellen

  • Utvikling av ein betre relasjon mellom lærarar og elevar
  • Det skal vera meir ro og fagleg fokus i timane
  • Elevane skal ha eit betre forhold til medelever og oppleve seg meir inkludert i fellesskapet
  • Elevene skal betre sitt læringsutbytte i skulefaga
  • Elevane skal vise ein hensiktsmessig sosial kompetanse i skulekvardagen

Føresetnader for deltaking

  • Skulens leiing og alle lærarane skal delta i arbeidet med LP-modellen
  • Alle deltakarane skal sette seg inn i LP-modellen og det faglege grunnlaget i modellen
  • Skulen, PP-tenesta og kommunen/skuleeigar pliktar å arbeide med LP-modellen i minimum tre år
  • Arbeidet i skulane skal organiserast slik det er skildra i prinsippa for LP-modellen
UiS logo