MENY

Satsar på ungdomstrinnet

Ungdomstrinn i utvikling er skulebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Læringsmiljøsenteret arbeidar med klasseleiing, medan andre nasjonale sentre tek seg av dei andre satsingsområda.

Lærer og elev ved tavla.

I Stortingsmelding 22 (2010–2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter vart det lansert ei omfattande satsing på ungdomstrinnet. Utdanningsdepartementet ønskjer at fleire elevar skal oppleve meistring og auka motivasjon gjennom meir praktisk og variert opplæring.

Meldinga understrekar at god klasseleiing er ein føresetnad for å få meir praktisk og variert opplæring i fag, samt for å laga eit godt læringsmiljø.

Strategien, som vart lansert 2012, omfattar satsing på klasseleiing, rekning, lesing og skriving for alle skular med ungdomstrinn. Satsinga rettar seg mot alle lærarar på trinnet, og legg opp til at kompetanseutviklinga skal skje på skulane.

Lærarutdanningsinstitusjonane vil støtte skulane i skulebasert kompetanseutvikling, og pedagogiske ressursar er tilgjengelege på Utdanningsdirektoratets sine nettsider.

Det er fire satsingsområder:

  • Klasseleiing
  • Rekning
  • Lesing
  • Skriving.

Læringsmiljøsenteret, Skrivesenteret, Lesesenteret og Matematikksenteret har ansvar for kvar sin områder. Les meir om Læringsmiljøsenteret si rolle i satsinga.

Piloten blei gjennomført i skuleåret 2012/2013, og hausten 2013 blei satsinga rulla ut i fullskala.