MENY

– Me visste ikkje kva mobbing var for noko

Agnes er seks år og veit godt kva mobbing er. Då bestemor Ragnhild var lita, var ikkje ordet funne opp ein gong.

Faksimile: Hordaland

– Hei, bestemor!

Agnes (6), storebror Anders (8) og syskenbarnet Eirik (7) får skyss heim frå skulen i dag. Dei tre heiter alle Gilbakken til etternamn, og går på Oppheim skule. Bestemor Ragnhild Tveite (73) gjekk sjølv på skule i området for over 60 år sidan. Mykje har endra seg sidan den gong ho var lita. Ungar frå fem til ti år strøymer ut av skulen. På hovudet har fleire av ei hue der det står «Zero».

– Zero tyder å vera snille med kvarandre, seier Agnes.

– Nehei, det gjer det ikkje, seier Eirik. Det tyder «null»! På engelsk.

– Null kva då?

– Null mobbing!

– Kvifor skal det vera null mobbing?

– Fordi det ikkje er kjekt. Me vil ikkje ha mobbing.

– For då må me inn til rektor.

Anders veit at det er skilnad på mobbing og erting.

– Syskjen ertar kvarandre. Me ertar kvarandre kvar dag, seier Anders og ser på systra. Han har sett andre vorte mobba. Og kanskje vorte litt mobba sjølv.

– Ja, det har eg, nokre gongar i alle fall, meiner Anders. Men ikkje noko store ting.

– Om me ser mobbing, kan me skriva det på ein lapp, og leggja i ein kasse, som rektor les.

– Har nokon av dykk mobba andre?

– Nei, meiner dei tre bestemt.

– Dei i klassen seier at eg tøffar meg kvar dag. Men det gjer eg ikkje. Ikkje kvar dag, seier Eirik.

Besto Ragnhild og resten av bygdekvinnelagene på Vossestrand har denne hausten strikka Zero-huene til alle i fyrste, andre, tredje og fjerde klasse på Oppheim skule. Agnes har ei fin, lyseblå hue på hovudet, med antimobbemerket Zero godt synleg. Men då besto sjølv var seks år, hadde ho aldri høyrt om mobbing .

– Me kunne ikkje det ordet, eg trur ikkje det fanst. Heller ikkje då mine born vaks opp. Me kalla det erting og plaging. Sjølv opplevde ho ikkje ordentleg plaging som ho kan hugse.

– Eg høyrer og les om dei som har slitt med det heile livet. Vaksne folk som dreg på jubileum med klassa med ein vond smak i munnen. Så det fantest jo absolutt.

– Det var nok sorten, meiner mannen hennar, Olav.

– Men det var ei anna tid. Like etter krigen. Folk hadde det annleis, og me var til dømes ikkje opptekne av merker på kleda og slikt. Det fanst jo ikkje.

Eirik og Anders er opptekne av ein ting som står på kleda, og det er om det står Brann eller Sogndal. Begge har bytt etter skulen, og sit no i kvar si drakt, klare for å dra på fotballtrening. Krangelen om kva lag som er best, tek ikkje slutt. Fotball er viktig og kjekt. Men dei tykkjer ikkje alltid spelarane dei ser på TV er snille med kvarandre.

– Neymar vart dytta i  ryggen så han vart skada.

– Det var ikkje hyggeleg gjort av han andre!

– Kvifor gjorde han det då, trur du?

– For at han ville ha ballen, vel, seier Anders.

– Men hadde du gjort det same, då?

– Nei! Det ville eg ikkje. For det var ikkje snilt.

Artikkelen er henta frå Hordaland.

 

Tekst og foto: Ingerid Jordal.

Last ned tekst i pdf-format

UiS logo