Forside» Forskning

Gapet mellom forskingsbasert kunnskap om læringsmiljø og praksis i skulen


Når skular set i gang eit større utviklingsarbeid for å betre det sosiale og faglege læringsmiljøet til elevane er målet, eller draumen, å skape varig endring i skulen si verksemd. For mange skular kan endringsarbeidet etter kvart fortone seg meir som eit mareritt.

Mange skular set inn tiltak, intervensjonar eller program for å utvikle læringsmiljøet i klasserommet eller skulen. Sjølv når endringsarbeidet er forskingsbasert strevar mange skular med å implementere endringa, og endå fleire skular strevar med å oppnå varig endring. Internasjonal forsking viser at intervensjonar som vert implementert utanfor strengt kontrollerte studiar vanlegvis ikkje vert implementert med høg kvalitet. Det vil seie når skular skal implementere endring på eiga hand strevar dei med å lukkast. Dette trass i den omfattande forskingsbaserte kunnskapen ein har både om korleis ein kan forbetre læringsmiljøet og om korleis ein lykkast med endringsarbeid i skulen.

Ei sentral utfordringane innan pedagogikk i dag er gapet mellom kunnskapen ein har på desse felta og kva skular og lærarar klarer å ta i bruk. Den store utfordringa er korleis vi kan bygge bru mellom kunnskapen på feltet og kva elevane i skulen får nytte av. Dette var tema for Førsteamanuensis Sigrun K. Ertesvåg sin presentasjon “Bridgding the gap between the Dream and Reality in Improving Students’ Learning Environment” på The 25th International Congress for School Effectiveness and School Improvement (ICSEI) i Malmø 5.-8.januar.

Implementeringskvalitet
I presentasjonen illustrerte ho med utgangpunkt i ein teoretisk modell for implementeringskvalitet (Greenberg et. al. 2005) korleis ein kan forstå faktorar som fremmar eller hindrar god implementering. Tidlegare presenterte resultat frå evalueringar av Respekt-programmet (Ertesvåg og Vaaland, 2007; Ertesvåg et.al. 2010) vart nytta for å illustrer korleis skular kan lykkast med endring over lengre tid, også etter at den aktive implementeringsfasen.

Å utvikle støttande læringsmiljøe er sentralt for at alle elevar skal kunne utnytte læringspotensialet sitt fullt ut både sosialt og akademisk. Med dette utgangspunktet har det vore eit auka fokus på dette i norsk skulepolitikk, noko som kjem til uttrykk i dei fleste av stortingsmeldingane som har kome dei seinare åra. Utdanningsdirektoratet si satsing på læringsmiljø er eit anna resultat av dette. Trass i den omfattande forskingsbaserte kunnskapen er det lite av dette som kjem elevane til gode. Dette er ei felles utfordring for praktikarar, forskarar og skulebyråkratar.

Interessant er det at gapet mellom kunnskap og praksis var tema for konferansen tin ”State of the Art” presentasjon. Presentasjonen til Ertesvåg var såleis i tråd med dei utfordringane ein ser samspelet mellom forsking og praksis innan utdanning generelt.

Du kan lese meir Sigrun K. Ertesvåg sitt paper til konferansen som gir teoretisk bakgrunn for presentasjonen her (pdf).

Du kan lese meir om ICSEI konferansen og finne alle papera her.

 

Tekst: Sigrun K. Ertesvåg
 

 

Referanser:
Ertesvåg, S.K., Roland, P., Vaaland, G.S., Størksen, S.& Veland, J. (2010) The Challenge of Continuation –Schools’ continuation of the Respect programme. Journal of Educational Change, 11, 4. 323-344.
Ertesvåg, S.K. & Vaaland, G.S. (2007) Prevention and Reduction of Behavioural Problems in School: A pilot Evaluation of the Respect programme. Educational Psychology, 27,6, 713-736.
Greenberg, M. T., Domitrovich, C. E., Graczyk, P. A., & Zins, J. E. (2005). The study of implementation in school‐based preventive interventions: Theory, Research and Practice Vol 3 of Promotionof Mental Health and Prevention of Mental and Behavioral Disorders. Rockville MD: Center for Mental Health Services, Substance Abuse and Mental Health Services Administration.


Sist oppdatert av Alexandra Halsan (17.01.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Å utvikle støttande læringsmiljøe er sentralt for at alle elevar skal kunne utnytte læringspotensialet sitt.
Å utvikle støttande læringsmiljøe er sentralt for at alle elevar skal kunne utnytte læringspotensialet sitt.
PROGRAMOMRÅDE FOR FORSKNING

Et av programområdene for forskning ved UiS ble gitt til Senter for atferdsforskning. Tema: Barnehagens og skolens evne til å kompensere for sårbarhet i forhold til psykososial utvikling hos barn og unge.

Les mer her.

Læringsmiljøsenteret ønsker å ha god kjennskap til utfordringer og muligheter i praksisfeltet.

Senteret ønsker at forskningen ved senteret skal komme til nytte for fagfolk, praktikere, barnehager og skoler.

Hovedsaklig dreier forskningen ved senteret seg om sosiale og emosjonelle vansker blant barn og unge. 

I flere forskningsprosjekter ved senteret har den praksisnære forskningen resultert i nyttige verktøy for praktikere. 

Senteret har blant annet utvi-klet mobbeprogrammet Zero og skoleutviklingsprogrammet Respekt

Senteret har også bidratt i ut-viklingen av observasjonsskje-maet Alle med til bruk for før-skolelærere i barnehagen.