I avhandlinga «Learning environment, students’ coping styles and emotional and behavioural problems. A study of Norwegian secon-dary school children» har Thuen sett på det komplekse samspelet mellom elevane si oppleving av læringsmiljøet, korleis dei meis-trar stress på skulen og sosiale og emosjonelle vanskar.
- Det er på tide å stille spørsmål ved kva det er som gjer at ein lærar behandlar elevar i same klasse så ulikt, og om lærarane er klar over at dei gjer dette, seier Thuen.
I forskinga si har Thuen brukt data frå eit nasjonalt representativt utval av elevar frå 1998 og frå eit intervensjonsprosjekt på ein
ungdomsskule, der elevane svarte på spørjeskjema både før og etter endringane frå prosjektet var trått i kraft.
Takling av stress
- I vår undersøking ville vi måle i kva grad individuelle forhold hjå elevane spelte inn på samanhengen mellom læringsmiljø og sos-iale og emosjonelle vanskar. Det gjorde vi ved å sjå på korleis elevane meistra stresset dei opplever på ungdomsskulen, seier Thuen, som fortel at elevane nokså ofte brukte lite effektive meis-tringsstilar, som det å gi opp eller bli sinte.
Resultata viser at den måten elevane taklar fagleg og sosialt stress på, heng saman med sosiale og emosjonelle vanskar.
- Elevane som reagerte med sinne sleit gjerne med både utager-ande åtferd, emosjonelle problem og konsentrasjonsvanskar. Elevar med emosjonelle problem klandra også ofte seg sjølve, medan elevar med konsentrasjonsvanskar brukte lite problem-orientert meistring, seier Thuen.
Ho legg til at problemfokusert meistring likevel var den vanlegaste måten å takle stress på i ungdoms skulen.
Ulike læringsmiljø
Korleis elevane meistrar stress, har også noko å seie for opplev-inga av læringsmiljøet.
- Samanhengen mellom læringsmiljø og sosiale og emosjonelle vanskar er til ein viss grad ein refleksjon av individuelle forhold hjå elevane, som meistringsstilane viser, seier ho.
Elevar som bruker mykje aggressiv meistring og som har lett for å gi opp, opplever gjerne at læringsmiljøet er negativt.
- Når ein lærar reagerer negativt på ein elev som ofte blir sint, er det med på å gjere læringsmiljøet til denne eleven dårleg. Ein elev som derimot bruker mykje problemfokusert meistring, vil lettare oppleve læringsmiljøet positivt, seier Thuen og forklarer:
- Lærarar møter kanskje dei konstruktive elevane på ein meir positiv og støttande måte. Det er eit tankekors at lærarane er med å skape gode og dårlege læringsmiljø for elevane, gjennom måten dei møter elevane på.
Saknar støtte
Thuen fann fleire interessante samanhengar mellom endringar i læringsmiljø og åtferd i sin studie. Gode relasjonar mellom elev og lærar viste seg å spele ei særs viktig rolle.
- Når ein lærar viser at han bryr seg om elevane, gjer det at elevane føler tilhøyre til skulen. Det verkar positivt både på moti-vasjon og åtferd. Emosjonell støtte frå læraren kan dermed redu-sere konsentrasjonsproblem og utagerande åtferd i klassen, seier Thuen.
I studien sin fann ho at kvar tredje elev på ungdomsskulen synest dei får for lite emosjonell støtte frå læraren.
- Dette er triste tal, når vi veit kor viktig denne støtta er, seier Thuen, som trur mange lærarar har ei utfordring i det å like dei elevane som ikkje er så lette å like.
Tekst: Silje Stangeland
Foto: Elisabeth Tønnessen
Saken er henta frå UniverS 2/2007.






