MENY

Godfotteorien i praksis

Dagleg viser lærarar landet over at det er mogleg å lykkast med den varierte «spelarmassen», skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Snart er det 15 år sidan Nils Arne Eggen ga ut boka «Godfoten». Eggen forsto seg på å utvikle enkeltpersonar gjennom fornuftig samspel og praktiserte dette i Rosenborg. Den einskilde spelar var ikkje briljant, men under Eggen si leiing fylde dei ein klar plan - fastlagte strukturar og mønster- og alle spelarane jobba etter trenaren sitt mantra: «Du vert god ved å gjere andre gode». Slik slo dei både Milan og Real Madrid.

Lærarar har snakka varmt om å overføre Eggen sin trenarfilosofi til skulen. I mitt stille har eg tenkt at Eggen fylde betre med i pedagogikktimane enn dei kan ha gjort. Til grunn for Eggen sin trenarfilosofi ligg grunnleggande pedagogiske og psykologiske prinsipp som svært mange lærarar nyttar, til dømes i leiing av klasser.

Ved å ha tydelege standardar, spele på lag med elevane og gjere kvarandre gode, leiar mange lærarar klassen etter prinsipp som har mykje til felles med godfotteorien. Elevane presterer, sosialt og fagleg, betre enn dei kanskje har individuelle føresetnadar for.

Skilnaden mellom Rosenborg og eit klasserom er påfallande. Motivasjonen for å prestere var nok langt høgre hjå fotballspelarane under Eggen enn i eit gjennomsnittleg klasserom. Sagt enkelt, veit du at konsekvensen av å ikkje yte ditt beste, på trening som i kamp, er at du vert sett ut av laget, ikkje får gjere det du er mest interessert i og må sjå langt etter ei årsløn opp mot 2 millionar kroner, er nok motivasjonen for spele på lag høg.

I ei ungdomsskuleklasse kan det vere elevar som, uansett kor hardt dei jobbar, kor godt dei spelar på lag, opplever at den einaste løna dei får er nok ein dårleg karakter, og nok eit hånleg blikk frå medelevar, og kanskje ò frå læraren. På ungdomstrinnet har mange elevar så store hol, både fagleg og sosialt, at dei ikkje har muligheit til å henge med. Dei opplever tap, på tap. Det vert du ikkje god av.

Utgangspunktet for ei klasse er såleis langt annleis enn for Rosenborg. Variasjonen i «spelarmassen» er langt større, og du kan verken slutte eller verte sett ut av laget. Ein del av desse elevane utfordrar både lærarar og medelevar, samstundes som dei sjølve har store vanskar.

Eit døme er elevar som viser ulike typar aggressivitet. Elevar som vert oppfatta som å ha «kort lunte» eller elevar som målretta nyttar aggressivitet for å oppnå makt. Dette er elevar, som samanlikna med resten av elevane, har store vanskar med åtferd som mobbing eller konsentrasjon.

Samstundes har mange av dei eit konfliktfylt forhold til lærarar og medelevar. I tillegg har ein elevar som er tilbaketrekte, elevar med svært ulike faglege behov, og elevar som av ulike grunnar er lite motivert for det som føregår i klasseromet. Mange av desse elevane finn du ikkje på fotballbanen. Dei kom aldri dit, eller vart sett på sidelina alt på knøttelaget.

Dagleg viser lærarar landet over at det er mogleg å lykkast med den varierte «spelarmassen», men studiar viser òg at variasjonen mellom skular og mellom lærarar er stor. Det er ei utfordring vi må gjere noko med. Den nye regjeringa sitt annonserte lærarløft kan gi oss eit høve, om vi nyttar det.

Gevinsten for lærarar og elevar som saman hentar ut det maksimale læringspotensiale for kvar enkelt elev, er langt større enn å lykkast på fotballbanen. Det handlar om sjølvverdet til den enkelte elev og lærar.

Tekst: Sigrun K. Ertesvåg.

UiS logo