MENY

...men mobilen min får du aldri

Eit forbod mot mobil er ingen garanti mot at nokon surfar eller utsett andre for mobbing, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Well informed people know it is impossible to transmit the voice over wires and that were it possible to do so, the thing would be of no practical value». Dette skreiv ein på leiarplass i Boston Post i 1865, drygt ti år før Alexander G. Bell presenterte den første telefonen. I dag har vi kome lenger enn sitatet over viser, eller har vi det? Debatten om bruk av mobiltelefon i skulen ber til dels preg av same bakstreverske tankegang som sitatet over legg for dagen.

Mange skular ser det som naudsynt å forby mobilbruk. Problemlista er lang: teksting og surfing i timen, bilde eller filmar som heng ut elevar, juks på prøver, mobbing og mangt anna. Debatten kring bruk av mobil i skulen har stort sett handla om kva forbod som skal avgrense bruken, ikkje om forbod er tenleg.

La oss slå det fast med ein gang at mobilbruk kan forstyrre undervisninga, både for den som brukar han og for medelevane. Mobilen bør ligge i skulesekken i skuletida, om han ikkje er brukt i undervisninga. Læraren kan vanskeleg kommunisere med elevar som er meir engasjert i det som føregår andre stadar enn i klasseromet.

Eit   argument som gjerne vert brukt for å innføre forbod, er at ein ynskjer å styrke læringsmiljøet og halde fokus på undervisninga. Eit anna argument er at ein vil førebygge digital mobbing. Spørsmålet er om eit forbod mot bruk av mobil i skuletida løyser desse problema. Kan det vere at vi vel eit forbod mot mobil fordi det er enklare på kort sikt enn alternativa? Det kan vere meir effektiv å utvikle ansvarleg bruk av mobil i skulen, og andre stadar, enn å innføre forbod.

Å utvikle gode læringsmiljø handlar mellom anna om å sette standardar for korleis ein ynskjer, og forventar, at elevar og lærarar skal kommunisere med kvarandre. Kva som er ansvarleg bruk av mobil i skulen er del av denne debatten.

 Eit forbod mot mobil er ingen garanti mot at nokon surfar eller utsett andre for mobbing. Det viktigaste filteret for når, og til kva, ein brukar mobilen ligg i hovudet og hjarte på brukaren. Foreldre og tilsette i skulen har eit felles ansvar for å oppdra elevane til trygg og ansvarleg bruk av mobilen. Tek ein ungdommane med på drøfting av korleis ein skal handtere mobilar, og andre tekniske hjelpemiddel, slik at undervisninga vert best mogleg, har dei gjerne fornuftige løysingar.

Samstundes treng ein klare konsekvensar for kva som skjer når mobilen ikkje vert brukt ansvarleg. Å beslaglegge telefonen er ei vanleg løysing, men kanskje finns det meir effektive konsekvensar enn å ta frå eleven telefonen for resten av timen eller skuledagen. Lenger kan ikkje skulen beslaglegge telefonen.

Merknadar kan til dømes vere ein effektiv konsekvens. Dei fleste elevane ynskjer ikkje merknadar, det kjem fort på ordenskarakterane. Dersom drøftingar med elevane ikkje fører fram, inneber det truleg at ein har meir djuptgripande problem med læringsmiljøet enn bruk av mobil. Då må dette løysast først.

I praksis er skilnaden mellom forbod og ansvarleg bruk liten, mobilen bør uansett ligge i sekken. Ansvarleg bruk gir, i motsetting til forbod, elevane eit val og dei må ta konsekvensen når dei bryt innarbeidde standardarar. Vel vi forbod mot mobil fordi det er enklare å innføre enn å innarbeide ansvarleg bruk av telefon, står vi i fare for å gjere som leiaren i Boston Post: bomme stygt.

Teksten er skrevet av professor Sigrun K. Ertesvåg ved Læringsmiljøsenteret, og den sto på trykk i Stavanger Aftenblad 20.september 2013.

UiS logo