MENY

O, jul med din glede?

Jula skal vere kos og aktivitetar på barna sine premissar, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Skriv om det paradoksale i at jula startar tidlegare og tidlegare for kvart år som går, samtidig som mange barn gruar seg til jul, oppmoda ein lærar meg. Ja, det er eit paradoks til ettertanke når vi no går inn i julehelga.

I dag, siste skuledagen før jul, møter lærarar forventningsfulle blikk og tindrande barneauge i klasserom over heile landet. Endeleg er jula her. Det er starten på ei lang feiring dei har sett fram til og førebudd lenge både på skulen og heime. Snart kan julefreden senke seg. Men lærarar landet over møter andre blikk òg. Tårevåte barneansikt som veit dei går ei jul i møte prega av alt anna enn fred, ro og familiehygge. Barn som ikkje ser fram til julefri.

Når vi snakkar om barn som ikkje gler seg til jul, tenkjer vi først og fremst på barn av foreldre med rusproblem, barn i familiar som ikkje har råd å sette julemat på bordet, og slett ikkje kan henge med i gåvekappløpet, eller som ikkje feirar jul av ulike grunnar. Barn i desse familiane går gjerne ei tung jul i møte, men det er ikkje berre barn som veks opp i familiar med rus- eller økonomiske problem som gruar seg til jul. Det er ikkje uvanleg at barn frå heilt vanlege familiar ikkje ser fram til jula med glede. 

Høge forventingar og krav øydelegg roa i mange familiar. Det starta alt i september, då julemarsipanen og den første julepynten var på plass i butikkane. Seinare har julehysteriet auka veke for veke utover hausten. Jula skal tradisjonelt vere barna si høgtid, men vi vaksne har overtatt meir og meir for å skape den perfekte jula. Det er kaker som skal bakast, hus som skal pyntast og alt det andre som skal til for at jula vert perfekt - særleg i bloggen og på Facebook.

Det er fare for at vi vaksne skapar forventingar til jula vi slit med å leve opp til, og som kan setje barna i bakgrunnen. Barna vert tildelt statistroller i den perfekte jula vi vaksne skal vise fram. I mange familiar legg ein no kabalen for eit altfor tettpakka program med brunchar, middagsselskap og kaffislabberas som må få plass i løpet av jula. Barna er gjerne med, men ofte på dei vaksne sine premissar. Dei vaksne skal møte andre vaksne, prate saman og ta for seg av alle rettar tradisjonen tilseier høyre jula til. Plutseleg er jula over utan at barna eigentleg har fått vere saman med foreldra. Eit resultat er at barn kan gå einsame, midt i selskapet, midt i høgtida. 

Andre barn skal feire jul for første gang etter at mor og far bittert skilde lag. Nokre barn får den tunge byrda å velje om det vert julefeiring hos mor eller far, vel vitande om at den av foreldra som går tapande ut av striden vil sjå på valet som å ta parti med den andre. Eller barn skal feirejul hos ei familie dei knapt kjenner og er trygg hos. Familien til den av foreldra som har flytta til ein annan kant av landet og som barnet berre treffer ein gang eller to i året.

La oss gi barna den jula dei fortener. Gåver og pynta hus er viktig, men kan aldri erstatte det som skaper ei jul prega av glede, ro og tryggleik. Det viktigaste er stemninga ein skapar. Det barn og vaksne gjer saman. Det kan vere juleførebuingar, felles uteaktivitetar eller å krølle seg saman framfor peisen med ein kopp kakao. Jula skal vere kos og aktivitetar på barna sine premissar, men også gi tid til ettertanke.

Eg ynskjer alle ei omsorgsfull og nær jul.

Tekst: professor Sigrun K. Ertesvåg. Innlegget sto på trykk i Stavanger Aftenblad 21.12.2012

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.