MENY

Støttehjul for skular i utvikling

Ungdomstrinn i utvikling fordrar at skulane er i førarsetet. To av støttespelarane er lærarutdanningane og Læringsmiljøsenteret ved UiS.

Grete Dalhaug Berg og Kåre Andreas Folkvord. Grete Dalhaug Berg og Kåre Andreas Folkvord diskuterer klasseleiing.

Den store nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling tek sikte på å løfte ungdomsskulen og auke motivasjonen blant elevar.

 Mange har låg motivasjon og trivst dårleg. Det er grunnene til at nokre droppar ut av vidaregåande skule, seier Kåre Andreas Folkevord.

Gjennom satsinga skal undervisninga bli meir praktisk, variert og utfordrande. Klasseleiing eitt av fire satsingsområde.

Planlegg hausten
Satsinga er inne i sitt tredje år, og pulje tre med skular er i gong. Fleire aktørar, blant anna Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) ved Universitetet i Stavanger og Læringsmiljøsenteret, støttar opp om skulane i utviklingsarbeidet.

Skulane har ulike behov og tema dei ynskjer å arbeide med. Me kan bidra med faglege innlegg, rettleiing, praksisforteljingar og workshop tilpassa den enkelte, seier Grete Dalhaug Berg.

Ho og Folkvord understrekar at læringa går begge vegar. Frå skulane får lærarutdannarane kunnskap om kor skoen trykkjer, og korleis dei ulike skulane arbeider.

 For å hjelpe skular, må me treffe dei der dei er. Me skal formidle forskingsbasert kunnskap som må tilpassast situasjonen ved skulen, seier Folkvord.

Nettverk er sentralt i Ungdomstrinn i utvikling. Difor er skulane organiserte i klynger, kor fleire skular arbeider saman og lærer av kvarandre. Ein kan ikkje lære åleine, er dei to einige om.

Forankring er nøkkelen til suksess
Det første semesteret i satsinga vert nytta til forankring. Det er då skulen vert kjent med innhaldet i satsinga, og førebur seg til implementeringa. I denne perioden er det òg viktig at dei er tydelege på kva dei treng hjelp til og kva dei allereie er gode på.

Det gjeld å investere tid i starten, og at ein ikkje ventar til hausten med å starte opp. Forankringa skal vere i gang når implementeringa startar opp, seier Folkvord. 

Det er sentralt at skulane er aktive og finn ut kva tema dei treng arbeide med. Ansvaret ligg først og fremst hjå den enkelte rektor og skuleeigar. Skulane må vere aktør i eiga læring for at me skal kunne hjelpe dei. 

– Det krev meir av skulane, og det er meir forpliktande. Men når dei vert klar, arbeidar dei godt. Me er med for å styre dei som treng det, seier Berg.

Tekst og foto: Karoline Reilstad

UiS logo