MENY

Føresetnadar for eit godt lærar-foreldre-samarbeid

Ny forsking frå Læringsmiljøsenteret viser at det trengs meir kompetanse på fleire nivå i skulen for at det viktige samarbeidet mellom skule og heim skal fungere optimalt.

Tre vaksne snakkar saman rundt eit bord. Samarbeid mellom læraren og føresette er viktig, men kan vera vanskeleg.

Fordelane av eit velfungerande samarbeid mellom skule og heim er godt dokumentert, og den norske læreplanen reknar foreldre som ein viktig samarbeidspartnarar.
Samstundes understrekar planen at lærarar og foreldre treng meir kompetansen for å arbeide saman, og at det er læraren som har ansvar for å fremme og legge til rette for dette samarbeidet.

Tre typar kompetanse
I studien «Teacher Competencies and Parental Cooperation» ser førsteamanuensis Elsa Westergård ved Læringsmiljøsenteret på kva kompetanse lærarane treng når dei skal arbeide i lag med foreldre. I studien er lærarar og foreldre intervjua om si oppfatning av lærarane sin kompetanse rundt samarbeidet.

Funn i studien viser at det truleg er eit gap mellom nasjonale mål for lærarkompetanse på foreldresamarbeid og nivået på den faktiske kompetansen blant lærarar.
- Våre funn støttar tidlegare forsking som seier at lærarar sin profesjonelle og personlege kompetanse er avgjerande for å etablere effektivt foreldresamarbeid, seier Westergård.

Av dei 16 para med lærarar og foreldre som deltok i undersøkinga, klarte 10 par å etablere godt samarbeid frå starten av, mens dei siste 6 para ikkje gjorde det. Uavhengig av om samarbeidet var effektivt, viste intervjua behov meir kompetanse. Det gjeld kompetanse på relasjonar (i kva grad læraren har evne til å skape eit godt forhold til foreldra), kommunikasjonskompetanse (læraren si evne til å kommunisere respektfult, ope, positivt og gjensidig med foreldra) og kontekstkompetanse (til dømes: lærarens sin kompetanse på mobbing og å observere barn i samhandling med kvarandre).

Kompetanse på tre nivå
Studien ser på fleire nivå (kollektive og individuelle) i skular. Kompetanse på rektornivå, i lærargruppa og hjå den enkelte lærar er avgjerande for eit godt samarbeid mellom skule og heim.

- Skuleleiarar må sette pris på foreldresamarbeid og ta ansvar for å byggje nødvendig kompetanse i skulesystemet. Det kan gjerast ved å lage standardar for samarbeidet, som til døme rutinar, faste møter og kompetanseheving, seier Westergård.

Vidare er det viktig at lærarane får tid og rom til å arbeide med kvarandre.
- Både fleksibel og meir systematisk kompetanseheving blant kollegaer som ei gruppe, som støttegrupper, kollegadiskusjonar og rollespel, kan brukast, seier ho.
Det tredje er at ein bør gi kvar enkelt lærar sjans til å betre sin kompetanse når det kjem til å samarbeide med foreldre. Intervjua viste òg at det er behov for rutinar for å handtere kritikk og konflikt.

- Det er vanskeleg å trekke nokon bastante konklusjonar sidan utvalet er så lite. Likevel viser den kva kompetanse som trengs for at foreldre skal føle seg ivaretatt i sin kontakt med skolen, seier Westergård.

Referanse
Artikkelen Teacher Competencies and Parental Cooperation ble publisert I International Journal about Parents in Education, 2013, Vol. 7, No. 2, 91-99

UiS logo