MENY

Eitt godt råd frå Hattie

Forskar John Hattie har mykje å fortelje lærarar om korleis dei kan auke eleven sitt læringsutbytte, så mykje at det kan være vanskeleg å vite kva som er det aller viktigaste hugse på.

Elin Kragset Vold møtte den verdskjende skuleforskaren John Hattie og hadde eitt spørsmål:

Målet mitt den 21. november 2013, på kulturhuset i Sandnes, var å få Hattie til å seie kva som er det aller viktigaste læraren må hugse på for å skape motivasjon, lærelyst og læring i klasserommet.

Framme ved scena står ein ivrig rektor og forklarar Hattie om tiltaka han har sett i verk på skulen sin. Hattie fylgjer med så godt han kan medan han ser seg om i salen etter ein kopp kaffe. Det er første pause og 500 tilhøyrarar er på veg ut for å strekke på beina etter å ha høyrt den verdskjende forskaren snakke i høgt tempo i over ein time. Fleire står i kø for å snakke med, eller bli avbilda saman med skuleguruen frå New Zealand. Eg går rett forbi. Dette blir ikkje lett, tenkjer eg.

Det er andre gongen John Hattie er i Noreg og fortel om forskingsresultata frå den 15 år lange innsamlinga av metaanalyser av skuleprestasjonar, som i 2009 resulterte i boka Visble learning (Synlig læring 2013).

I neste pause tek eg kontakt med Marianne Skogvoll som arbeider i Hatties norske team og fortel at eg kjem frå Læringsmiljøsenteret og om det er mogeleg å stille Hattie eit spørsmål. Vent til konferansen er ferdig så ordnar vi det, seier ho velvillig.

– Er det du som berre har eit spørsmål?» seier Hattie og smiler stort når eg møter han ved scenekanten, samstundes med at 500 skulefolk sig mot utgangane, sprengfylde av nye idear.

– Er det mogeleg, spør eg, utifrå den forskinga du har gjort på læringsutbytte til 83 millionar elevar, og gi lærarane eit råd?

–Ja, seier Hattie, utan å tenke seg om. Det viktigaste læraren må vite for å kunne legge til rette for læring er:
Know your impact!

Læraren må vite om det han eller ho gjer saman med elevane i klasserommet fører til læring. Kva for innverknad har du på eleven si læring? I kva for situasjonar lærer elevane dine best? Når skiftar elevane frå overflatisk til djup læring? Kanskje inneber det at du må være mindre oppteken av undervisning og meir oppteken av læring. John Hattie snakkar fort og engasjert og eg slit med å henge med den utprega aksenten frå New Zealand. Men, han snakkar om det viktigaste som skal skje i eit klasserom, og det han seier gir meining.

Forsk på eigen praksis
– For å finne ut om aktiviteten i klasserommet fører til læring, må læraren innhente informasjon om korleis elevane lærer og forske på eigen praksis, fortsett Hattie. Læraren må snakke med og spørje elevane og foreldra om eleven sin læringsprosess, snakke med kollegaer og få innspel og tips frå pedagogisk forsking. Hattie  fortel at lærarar har gode erfaringar med å filme elevane i undervisningssituasjonar for å sjå etter teikn på læring. Det er dette han meiner med «Visible learning». Synleg læring er, forklarar Hattie, når læraren SER læring gjennom elevane sine auger og når eleven SER seg sjølv som sin eigen lærar.

Å være sin eigen lærar
– Om du klarer å gjere eleven i stand til å sjå seg sjølv som lærar i eigen læreprosess, har innflytelsen din hatt positiv effekt, seier Hattie. Studiane hans viser at ein lærar i gjennomsnitt snakkar 60 til 70 prosent av tida i klasserommet.

– Vi er i ein profesjon der barn og unge kjem for å sjå oss jobbe. Barna lærer tidleg å være passive tilhøyrarar og late som dei følgjer med, seier Hattie. I små klasser (15-20 elevar) viser forsking at læraren snakkar meir enn i større klasser (25-30 elevar), noko som fører til at elevane lærer mindre. Gje elevane mogelegheit til å forklare det dei forstår og det dei ikkje forstår, til kvarandre eller til læraren. Skap dialog i klassen.

I boka Synlig læring (Cappelen Damm akademisk 2013) er Hatti tydeleg på at det er læraren si samhandling med elevane som har størst effekt på læring. Av alle små og store handlingar som skjer kvar skuledag, er det aller viktigaste at du som lærar kjenner din innverknad på læringsprosessen til elevane.

- Å gjere det du veit har læringsverdi for dine elevar, er den faktoren som gir størst læringsutbytte, seier John Hattie.

 

Tekst: Elin Kragset Vold 

UiS logo
Skuleforskaren John Hattie

John Hattie