MENY

Elevar er 100 prosent avhengige av å bli likt av læraren

May Britt Drugli var ein av forskarane vi hadde lyst å spørje om hjelp til å sette opp dei fem viktigaste grepa læraren må kjenne til og kunne bruke for å skape lærelyst. Sidan ho har forska mykje på verdien av lærar-elev relasjonen i eleven sin læringsprosess, spara ho denne faktoren til slutt. I løpet av ein halv time formulerte ho kort og konsist fem faktorar som gir lærelyst.

May Britt Drugli  er professor i pedagogikk ved regionalt kunnskapssenter for barn og unge, ved NTNU i Trondheim. Ho har i mange år forska på lærar-elev relasjonen, små barn i barnehage, barnehage/skole og psykisk helse og barn med åtferdsvanskar

Drugli har lang erfaring frå utviklingsarbeid innan skole, barnehage og barnevern og har utgitt fleire fagbøker. I 2012 skreiv ho boka Relasjonen lærer og elev, avgjørende for elevens læring og trivsel. Boka gir gode konkrete råd om korleis skape positive relasjonar mellom lærar og elev.

- Kva er ifølgje di forsking det i viktigaste ein lærar må gjere for å skape lærelyst?

Formidle med glød og entusiasme
Det har stor verdi for eleven si læring om læreren er entusiastisk og har eit grunnleggende ønske om å lære bort, glød for faget, glede, engasjement og solid fagleg tryggleik. 

Ha tru på og forventningar til at alle kan lære
Du må vite og ta høgde for at berre halvparten av elevane i klassen forstår det du forklarer første gongen. For å få med alle må du forklare på ein annen måte og kanskje ein tredje måte. Du må være genuint interessert i å få alle elevene til å henge med og tru at alle elevane kan lære. At læraren har tur på meg som elev, stimulerer lærelyst. 

God skoleleiing med tydelege verdiar
Skoleleleiing som er nært på lærarar og elevar skaper lærelyst. Ei leiing som kjenner kvardagen til lærarane, som bryr seg, legg til rette og støttar læraren og elevane når klasser har gått seg inn i vanskelege spor, verkar inn på elevane sin motivasjon og lærelyst.

Godt kollegasamarbeid
Å sleppe å være åleine om klasser. Å jobbe saman om elevar skapar fleksibilitet og tryggleik i rolla som lærar. 

Relasjonskompetanse
At relasjonen din til eleven er avgjerande for eleven si lærelyst, er mykje forska på og godt dokumentert. Gode lærar-elev relasjonar har sterk samanheng med elevane sine læringsprosessar.

Ein god relasjon fremmar motivasjon, arbeidsinnsats, trivsel, samarbeidsåtferd, prestasjonar og oppleving av at skolearbeid er meiningsfylt.

Som leiar i klassen legg du rammene for forholdet til den enkelte elev. Har du god struktur og gode rammer for arbeidet i klassen er sjansane større for god kontakt med den enkelte elev. Som lærar må du handtere relasjonar både på klasse- og individnivå. Når relasjonen til ein av elevane ikkje fungerer, er det ditt ansvar. Du som voksen har ansvar for relasjonskvaliteten til klassa di og til den enkelte elev i klassa. Når relasjonar ikkje fungerer, er det av og til lærarar som gløymer at forholdet mellom lærar og elev ikkje er likemektig, sjølv om det er likeverdig. Maktforholdet er ikkje likt. Når samspelet ikkje fungerer er det læraren sitt ansvar å endre på noko og finne ut kva som kan gjere forholdet betre. Vi må ha eit profesjonelt forhold til eige temperament. Her er vi forskjellige og nokon må truleg arbeide meir enn andre for å fungere profesjonelt i klassen.

Når relasjonar har kjørt seg fast er det lurt å be om rettleiing. Det er inga fallitterklæring. Ein lærar kan ikkje like alle elevane like godt, men det er læraren sitt ansvar å finne ei løysing slik at alle elevane opplever ein god relasjon til læraren. Elevar er 100% avhengige av å bli likt av læraren. Barn og unge, uansett alder, opplever auka lærelyst når relasjonen til læraren er god.

UiS logo
May Britt Drugli

Professor May Britt Drugli, NTNU