MENY

Dei stille lidande

Skulevegring har ein tendens til å feste seg dersom det ikkje vert gjort noko i ei tidleg fase, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Til skuleporten kom dei i dag, mor håpa at det skulle gå bra, at Emma skulle kome seg på skulen. Dei kom ut døra, det virka lovande, men ved skuleporten var det stopp. Emma var stiv av angst, gret og trygla om å sleppe. Mor visste ikkje si arme råd. Emma har ikkje vore på skulen på fleire veker og mor kjenner seg makteslaus.

Dei fleste elevar går på skulen frivillig og utan problem, sjølv om dei enkelte dagar helst ville gjere noko heilt anna. Nokre elevar vert derimot borte frå skulen over lenger tid utan at det er sjukdom eller skade. Vi snakkar om elevar med skulevegring. Skulefråværet kan variere frå enkelte timar til lange periodar.

Årsakene til at eleven ikkje møter på skulen kan vere mange og vise seg på ulike måtar. Felles er at det å vere borte frå skulen over lengre tid utan lovleg grunn, er eit alvorleg teikn på at eleven mistrives og ein må finne ut av situasjonen så raskt som mogleg.

Det er forska lite på området og det er relativt lite kunnskap om skulevegring.

Ein av få her i landet som forskar på skulevegring, er kollega Trude Havik.

I det daglege og i media er det relativt vanleg å snakke om skulevegring og skulk om kvarandre, seier ho. Men det er to ulike problem, som vanlegvis krev ulike tiltak. Skulk kan skildrast som ein protest mot skulen som autoritet, med meir aggressiv, utagerande preg. Det kan vere reaksjonar på grensesetting eller prestasjonskrav.

Elevane sjølve kan seie at skulen ikkje gir meining og at det som skjer der er uinteressant.
Elevar med skulevegring ynskjer å gå på skulen, men klarer det ikkje. Dei har vonde kjensler eller har angst for å vere på skulen, eller for å forlate heimen. Dei kjenner seg ofte uvel, kan ha vondt i magen eller hovudet. Dei er stille, gjer lite av seg når dei er på skulen og vert ofte oversett.

Dei heime kan oppleve store vanskar med å få eleven på skulen og kjenner seg, som mor til Emma, ofte makteslause.
FagFoLK diskuterer om årsaka er faktorar hos barnet eller om det er knytt til frykt for visse sider ved skulen. Forsking tyder på at dette ikkje er noko enten eller. Nokre elevar er meir sårbare, men det er også knytt til erfaringar med skulen som til dømes mobbing eller utestenging.

Skulevegring rammar både jenter og gutar og uavhengig av familiebakgrunn. Elevar på alle trinn kan oppleve vegring, men ein kan vere ekstra sårbar i visse periodar til dømes når ein står over for noko nytt og ukjent, som ved overgangen til ungdomsskulen.

Kva kan så foreldre og lærarar gjere? Ei utfordring er å halde alle moglege årsaksforklaringar opne og godt samarbeid mellom heim og skule er avgjerande sidan årsakene oftast er samansette. Det kan òg vere behov for ekstern hjelp til dømes frå PPT. Forutsigbarheit kan sjå ut til å være ein nøkkelfaktor, til dømes ved å førebu eleven på kva som skal skje, korleis og med kven. Klare regler og rutinar i skulen er òg viktig.

Ei utfordring er at det ofte vert sett inn tiltak for seint. Har barnet ditt teikn på skulevegring er det viktig å ta kontakt med skulen så fort som mogleg slik at de saman kan prøve å forstå kva barnet strevar med. Skulevegring har ein tendens til å feste seg dersom det ikkje vert gjort noko i ei tidleg fase. Det går ikkje over av seg sjølve.

Teksten er skriven av Sigrun K. Ertesvåg.

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Kronikken Dei stille lidande handlar om skulevegring. Teksten er skriven av Sigrun K. Ertesvåg og stod på trykk i Stavanger Aftenblad 5.april 2013.