MENY

Dømt til å mislykkast

Elevar som vert utsett for mobbing er prisgitt skulen dei går på. Nokre skular har ikkje føresetnader for å stoppe mobbinga, skriv professor Sigrun K. Ertesvåg i ein kronikk i Bergens Tidende.

Ein ny studie viser at skular med mest mobbing har små moglegheiter for å lykkast i arbeidet mot mobbing.
- Det er liten grunn til å tru at årsaka til manglande resultat ligg i feil tiltak, så lenge tiltaka bygg på forsking og har dokumentert effekt. Utfordringa er at mange skular, som organisasjon, ikkje har føresetningar for å lykkast med å sette tiltaka ut i livet på ei måte som gir resultat, skriv Ertesvåg.

Les heile kronikken i Bergens Tidende

UiS logo