MENY

Ein nyttig app

Det alvorlege er at bak kvart einskild oppslag ligg det historier om barn og unge som vert utsett for mobbing, skriv Sigrun Karin Ertesvåg i Stavanger Aftenblad.

Mobbing må verte tema i spalta denne gangen òg. Sist veke lanserte Aftenbladet den første appen mot mobbing. Eit av få lyspunkt i ein elles dyster mediedebatt kring mobbing den siste tida. Same veke vart Søgne kommune dømt til å betale Robert Liland erstatning fordi skulen hans ikkje klarte å stoppe mobbinga han vart utsett for år etter år. Likeins har vi kunne fylje med i debatten kring Bjerkrheim kommune der sentrale aktørar tilsynelatande nekta for at dei ikkje tok arbeidet mot mobbing på alvor, sjølv om uavhengige rapportar dokumenterte dette.

Gode føresetnader for å lukkast
I tillegg har vi debattar om mobbeomgrepet, kritikk av program mot mobbing, og mykje meir. Det alvorlege er at bak kvart einskild oppslag ligg det historier, som Robert Liland si, om barn og unge som vert utsett for mobbing, eller utset andre for mobbing. Vi, som nasjon, tek ikkje problema til desse elevane på alvor. Det trass i at vi har dei beste føresetnadane for å lykkast.

Noreg er fremst i verda i arbeidet mot mobbing. Alt tidleg på 1980-talet kom dei første nasjonale tiltaka mot mobbing. Internasjonalt er det velkjent at vi har utvikla den fremste kompetansen i verda, dei mest effektive tiltaka og er i forskingsfronten.

Trass i dette lykkast ikkje norsk skule godt nok i arbeidet mot mobbing. Korleis kan vi forklare det? Litt forenkla er svaret at ein del skular og kommunar, trass i kompetansen som er tilgjengeleg, ikkje klarer eller har vilje til å ta tak i utfordringane. Nokre set òg inn feil tiltak. Sjølv når ein er motivert, har vilje og kompetanse, kan det vere vanskeleg å lykkast med det krevjande arbeidet.

Nyttig app
Kan så ein app hjelpe? Ein app åleine kan sjølvsagt ikkje løyse utfordringane i arbeidet mot mobbing, men appen er nyttig både for elevar og foreldre. Appen gir informasjon om kva mobbing er, korleis ein kan seie i frå og kva ein gjer sjølv om ein seier i frå og det ikkje vert slutt på mobbinga. Appen gir òg råd til foreldre og til den som utset andre for mobbing om korleis ein kan kome ut av dette.

Hadde Robert Liland hatt ein app, kunne han kanskje ha medverka til rett hjelp. Historia hans er hjerteskjerande, men langt frå eineståande. Robert sa i frå, men det vart ikkje slutt på mobbinga. Han skildrar ein skulekvardag gjennomsyra av frykt. Sjølv når han ikkje var utsett for mobbing, var alltid frykta til stades, frykta for kva det neste ville vere. Aldri fri. Ein av dei som utsette han for mobbing sa under rettsaka at når dei ikkje hadde noko å utsette på han, fann dei på noko. Dette er kvardagen til mange barn.
Ein app løyser ikkje dette, men han kan gi barn, unge og foreldre enkel tilgang til kunnskap om handtering av mobbing. Det er verdi i seg sjølv.

Skular og kommunar som arbeidar systematisk, målretta og samstemt over tid er det som skal til for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Erfaringa er at mange skular og kommunar treng hjelp i dette arbeidet. Her kan program mot mobbing bidra med kompetanse om korleis ein førebygg, avdekker og stoppar mobbing.

Appen kan ikkje hindre at historia til Robert Liland gjentek seg. Det kan berre vaksne med evne, vilje og kunnskap til å stoppe mobbing. Ansvaret for å stoppe mobbing ligg alltid hos dei vaksne. Men appen kan vere eit viktig bidrag i arbeidet både for elevar og foreldre. Ikkje lasta han ned enno? Då er det på tide.

UiS logo
Faksimile av avisside frå Stavanger Aftenblad.

Professor Sigrun Karin Ertesvåg skriv om ein ny app mot mobbing.