MENY

Kampen mot mobbing – ei tapt sak?

Professor ved Læringsmiljøsenteret, Sigrun K. Ertesvåg, skriv i ein kronikk på forebygging.no om kampen mot mobbing på norske skular.

– Norske skular står i fare for å tape kampen mot mobbing, dette trass i at vi har verdens beste tiltak mot mobbing. Korleis kan det henge saman, spør Ertesvåg i kronikken.

Vidare skriv ho: "Frå myndigheitene vert det ytra uro over at førekomsten av mobbing ikkje går ned i norske skular trass i ein nasjonal innsats over tre tiår. Om lag 5 % av elevane utset andre for alvorleg mobbing og mellom 5 og 10 % elevane vert utsett for alvorleg mobbing [1, 2].

"I Noreg inneber det at om lag 40000 elevar i grunnskulen vert utsett for mobbing kvar veke eller oftare. Samstundes viser internasjonale meta-analysar av intervensjonar at Noreg har dei mest effektive tiltaka mot mobbing [3, 4]. Norske forskarar har vore i førarsetet i arbeidet mot mobbing sidan tidleg på 1980-talet [2]så kvifor lykkast vi ikkje betre?"

Les heile kronikken på forebygging.no

UiS logo