MENY

Kapasitet for å stoppe mobbing?

Like sikkert som småfuglane syng om våren, like sikkert dukkar kritikken av skuleomfattande program opp frå tid til anna. Denne våren har vi kunne lese i media at program mot mobbing ikkje verkar. I beste fall er dette ei halvsanning.

Ei rekkje studiar har vist at forskingsbaserte program mot mobbing har effekt. Eit av dei mest omfattande arbeida på området er ei meta-analyse av ei rekkje internasjonale program som er publisert gjennom fleire artiklar og rapportar (til dømes Farrington & Ttofi, 2009; Ttofi & Farrington 2009). Ttofi og Farrington dokumenterer ikkje berre at program mot mobbing har effekt, men held fram dei norske programma mot mobbing, med Olweus programmet i spissen, som dei mest effektive.

Implementeringskvalitet
Korleis kan ein då hevde at program mot mobbing ikkje verkar? Svaret er enkelt: program mot mobbing har ikkje effekt dersom dei ikkje, eller i liten grad, vert gjennomført slik programmet er planlagt av utviklarane. Hevdar ein at program mot mobbing ikkje har effekt, er det fordi ein ikkje skil mellom programmet og implementeringa av programmet. Implementeringskvalitet omhandlar i kva grad ein intervensjon er gjennomført med høg kvalitet, det vil seie om intervensjonen slik den vert gjennomført på ein skule i stor grad samsvarar med intervensjonen slik han er utvikla baser på forsking, for å gi den effekten. Forskingslitteraturen viser at opp mot halvparten av program som har vist dokumenter effekt, ikkje vil oppnå det venta resultatet på grunn av dårleg implementering.

I ein analyse av 500 ulike studiar av intervensjonar fann Durak og DuPre (2008) at intervensjonar som vert implementert utanfor strengt kontrollerte forskingsprosjekt, typisk ikkje vert implementert med høg kvalitet. Dette er samanfallande med det internasjonal teori og forsking på utvikling av skular som viser at endring i skulen er svært krevjande og få lykkast over lang tid (Fullan, 2007). Det inneber at når ein skule skal gjennomføre ein forskingsbasert intervensjon mot mobbing, sosial kompetanse, matematikk, lesing, læringsmiljø eller nesten kva det skal vere, kan ein ikkje vente at ein oppnår det resultatet ein har oppnådd. Her er det viktig å merke seg er at dette er eit problem som ikkje er spesielt for program mot mobbing, men som er dokumentert for intervensjonar på ei rekkje ulike områder. Det er såleis liten grunn til å tru at dei alternativa som vert gitt til program mot mobbing vil gi meir effekt en program mot mobbing som bygg på 30-års systematisk forsking på feltet. I verste fall kan tiltak utan forskingsforankring ha negativ effekt. 

Alt håp ute?
Ein nærliggande spørsmål er om alt håp om å førebygge og redusere mobbing er ute. Det er sjølvsagt ikkje det, men endring på områder som heile skulen må vere involvert i er krevjande. I sitt doktorgradsarbeid studerar stipendiat Constance Oterkiil korleis ein i større grad kan lukkast med implementering av skuleomfattande program. Artikkelen “Schools’ readiness and capacity to improve matter” som vil inngå i hennar avhandling lysset årsakene til at nokre skular lukkast og andre ikkje gjer det. Basert på teori og studiar både innan utvikling i skulen og organisasjonsforsking generelt, vert faktorar som er sentrale for å utvikle skular sin kapasitet til å implementerte intervensjonar presentert. Faktorar som er avgjerande for ein skule sin kapasitet for utvikling finn ein både hjå den einskilde tilsette, skule og utanfor skulen som til dømes hjå skuleeigar.

Vegen vidar i arbeid mot mobbing
I arbeid med alle typar intervensjonar, ikkje berre retta mot mobbing, vil ein ikkje oppnå resultat i stor skala utan at ein samstundes vidareutviklar kapasiteten skulen har for å implementere intervensjonen med høg kvalitet. I dag har svært mange skular ikkje føresetnadar for å lukkast med implementeringa av tiltak mot mobbing. Før gjer noko med dette vil ein ikkje lukkast i arbeidet mot mobbing. Identifisering av kva faktorar som er sentrale for å styrke implementeringskvaliteten er ei sentral føresetnad for å lukkast i arbeidet mot mobbing framover. 

 


Tekst: Sigrun K. Ertesvåg
 

 

Referansar

  • Farrington, D. & Ttofi, M. (2009) Reducing School Bullying: Evidence?Based Implications for Policy. Crime and Justice, Vol. 38, No. 1 (2009), pp. 281-345 
  • Fullan (2007) The New Meaning of Educational Change. (4th ed.). New York: Teacher College Press.
  • Durlak, J. A. & DuPre, E. P. (2008) Implementation matters: A review of research on the influence of implementation on program outcomes and the factors affecting implementation. American Journal of Community Psychology 41, 327–350.
  • Oterkiil & Ertesvåg (2012) Schools’ readiness and capacity to improve matter. Education Inquiry. 3,1, 71-92
  • Ttofi & Farrington (2009) What works in preventing bullying: effective elements of anti-bullying programmes. Journal of Aggression, Conflict and Peace Research. 1, 1, pp.13 – 24.
UiS logo