MENY

Kunnskap er medisin mot mobbing i skolen

Vi treng ein pedagogisk fruktsalat i mobbearbeidet, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Dei seinaste vekene har media dagleg sett mobbing i fokus. Alle er samde om at vi må gjere noko, men gjer vi det rette? Norsk skule har lang tradisjon for å bygge aktiviteten meir på ideologi, pedagogiske moteretningar, vane og læraren sine personlege erfaringar enn på forskingsbasert kunnskap. Til dømes vel ein framleis i stor grad tiltak mot mobbing utan å legge særleg vekt på om desse har dokumentert effekt. Ein slik smoothie-pedagogikk gir arbeid mot mobbing med ei røre av ulike tiltak utan tydeleg kunnskapsforankring. Kan vi då vente at skular utviklar gode, effektive tiltak mot mobbing?

Problemet med den pedagogiske smoothien er at han ofte er ukritisk samansett. Det er fleire årsaker til dette. Forskarar, ei gruppe eg sjølv representerer, lykkast ikkje alltid med å bidra til at kunnskapen vi produserar vert omsett til praksis. Samstundes har lærarar generelt liten tradisjon for å sjå til forsking i utvikling av tiltak i skulen. Dette er ein uheldig kombinasjon.

Samstundes kastar mange skular seg på den til ei kvar tid aktuelle pedagogiske moteretninga utan å vurdere om denne har støtte i forsking. Dette aukar ikkje sjansen for å utvikle skular som kan førebygge, avdekke og handtere mobbing. Eg har møtt mange svært dyktige lærarar og skular som arbeider målretta mot mobbing. Men eg har òg møtt for mange lærarar og skular som vel tiltak basert på pedagogisk mote og eigne erfaringar framfor forskingsbasert kunnskap som kan gi effekt.

Lærarane sine erfaringar er viktige. I utvikling av tiltak mot mobbing vil einskildlærarar sine erfaringar, uansett kor omfattande og gode dei er, likevel ha lite for seg om dei ikkje vert nytta saman med forskingsbasert kunnskap. Likeins har forsking liten verdi om ho aldri får innverknad på den daglege praksisen i skulen. Erfarings- og forskingsbasert kunnskap må difor gå hand i hand dersom vi skal redusere førekomsten av mobbing.

Evidensbaserte program mot mobbing som Olweus- eller Zero-programmet tilbyr skulane forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan førebygge, avdekke og handtere mobbing. Dei tilbyr kunnskap om korleis skular kan arbeide systematisk, målretta og samstemt over tid. Målet er å medvirke til heilskapleg innsats for å utvikle eit læringsmiljø fritt for mobbing og som gjer det mogleg for kvar einskild elev å utvikle seg fagleg og sosialt.

Program mot mobbing med dokumentert effekt kan vere ein føresetnad, men er ikkje tilstrekkeleg for å lykkast i arbeidet mot mobbing. Skulane må prioritere arbeidet, og det er nødvendig med samstemt, felles innsats hjå dei tilsette, elevar, foreldre og skuleeigarar. Ein må bygge på tidlegare erfaringar og kunnskap, kunnskap om elevane og ta utgangspunkt i skulen sine utfordringar. Det er kva som skjer i dei daglege møta med elevane som er avgjerande for om ein lukkast. Men utan forskingsbasert kunnskap om kva som skal til for å avdekke, førebygge og handtere mobbing vil erfaring heller ikkje vere tilstrekkeleg.

Vi treng ein pedagogisk fruktsalat i mobbearbeidet der ein kan identifisere ingrediensane og opphavet deira. Slik kan vi vurdere samansettinga og effekten av dei ulike tiltaka i arbeidet mot mobbing. Først då kan vi lykkast. Det finns ingen enkle løysingar, berre systematisk og kunnskapsbasert arbeid over lang tid.

UiS logo