MENY

Mobbaren – ein sårbar elev

Førsteamanuensis Sigrun K. Ertesvåg er fast spaltist i Aftenbladet Pluss. I den siste spalten setter hun fokus på mobberen.

Er ho sårbar? Det er vel berre å be ho om å oppføre seg? Spørsmåla vart stilt på eit seminar der temaet var sårbare elvar. Eg hadde nemnt jenter og gutar som vil, men ikkje klarar å gå på skulen og de stille, forsiktige jentene dom dømer. Forsamlinga nikka attkjennande. Så viste eg ein filmsnutt som illustrerar elevar som er hyggelege og blide, men òg har ei manipulerande side dei nyttar for å oppnå makt eller tilhøyring, til dømes gjennom plaging og mobbing. Då kom protestane. Korleis kunne eg meine at dette vondskapsfulle vesenet som utsette andre for hån, tapt ansikt, og det som verre var, kan vere sårbar, det som er til så stor plaga for andre?

Ein del barn og unge har to ansikt: Eit hyggeleg, innbydande som de viser vaksne og vener, og eit til bruk mot dei eller den som av ein eller annan grunn vert plaga. Mange vaksne kjenner berre den gode sida, og kan ikkje forstå at den trivelege jenta eller guten kan utsette andre for skade gjennom aggresjon. Når mobbaren nyttar aggresjon er det vanlegvis ikkje fordi han eller ho er sint, men som ein strategi for å oppnå noko utover sjølve handlinga. Mobbinga gir bestemte gevinstar i form av makt over offeret og til høyring gjennom at fleire går saman om å plage ein elev. Denne type aggresjon er ofte omtalt som proaktiv. Karakteristisk for denne type aggresjon, i motsetting til sinnestyrt aggresjon, er at personen sjølv tar initiativ til den aggressive handlinga. Proaktivt aggressive unge kan vere hyggelege, men dei er heile tida i beredskap. Aggressiviteten kjem fram under dei rette tilhøva, og ein viktig motivasjon for mobbaren er opplevinga av makt over offeret.

Det er såleis kanskje ikkje så opplagt å sjå mobbaren som sårbar, men forsking kring plagarar teiknar eit dystert bilde. Plagarane droppar oftare ut av skulen enn gjennomsnittet. Dei viser i større grad symptom på depresjon og angst. Dei har òg i større grad alvorlege sjølvmordstankar. Aktive plagarar har 3-4 gangar større sjanse enn gjennomsnittet til å vere i kriminalregisteret i midten av 20-åra. Det er òg indikasjonar på at utøving av mobbing kan vere eit tidleg steg i utvikling av alvorlege anti-sosial åtferd.

Sjølv om jenter som plagar andre er noko meir populære mellom jamaldringane enn gutar som plagar, er plagarane mindre populære enn gjennomsnittet. Plagarane er populære først og fremst hos andre plagarar. Verdt å merke seg er at til eldre plagarane er, til mindre populære ver dei. Ei mogleg årsak er at når dei ver eldre og meir modne, vil medelevane i større grad avsløre dei manipulerande handlingane til mobbaren og ta avstand frå dei. Mobbaren står tilbake med ei plagarkompetanse som ikkje lenger gir den gevinsten mobbaren er ute etter. I seg sjølv bra, men mobbaren klarer ofte ikkje å erstatte plagarkompetansen med meir tenleg åtferd.

Å utsette andre for mobbing er eit omfattande problem. Studiar frå Senter for atferdsforsking tyder på at om lag 35000 elevar i grunnskulen utset andre for mobbing kvar veke eller oftare. Å tenkje på mobbaren som ein som er sårbar er kanskje uvant, men forsking gir klar tale: Stopp mobbaren òg for mobbaren sin eigen del. Dei treng hjelp like mykje som den som vert utsett for mobbing.

UiS logo