MENY

Kunnskap til vidare arbeid mot mobbing

Nestleiarane i KrF besøkte Læringsmiljøsenteret for å lære meir mobbing. Råda dei fekk frå mobbeforskarane, tek dei med seg i sitt vidare politiske arbeid.

Bjørg Tysdal Moe, Ella Idsøe, Hildegunn Fandrem, Unni Vere Midthassel, Anne Kristin Bruns og Dagrun Eriksen. Frå venstre Bjørg Tysdal Moe, Ella Idsøe, Hildegunn Fandrem, Unni Vere Midthassel, Anne Kristin Bruns og Dagrun Eriksen.

KrF har kampen mot mobbing som ei av sine fanesaker, og vil mellom anna arbeide for mobbeombod i kvart fylke.

For å få meir kunnskap om mobbing vitja nestleiarane Dagrun Eriksen og Bjørg Tysdal Moe, samt leiar for Stavanger KrF Anne Kristin Bruns Læringsmiljøsenteret. Her møtte dei professor Unni Vere Midthassel, professor Hildegunn Fandrem og fyrsteamanuensis Ella Idsøe som alle har forska mykje på mobbing og konsekvensar av mobbing.

Evig kamp
Politikarane er interesserte i forsking om mobbing, og spesielt opptatt av kva forskarane meinte om etablering av mobbeombod.

?  Det er altfor mange barn som gruar seg til å gå på skulen. Dei får ikkje berre øydelagt dagen, men kanskje òg skulegangen og framtida. Det er en kamp vi politikarar aldri må legge ned. Frå Læringsmiljøsenteret har vi lært mykje som vi skal ta med oss for å skape ein betre kvardag for alle som gruar seg til å gå på skulen, seier Eriksen til NrK Rogaland.

Viktig oppfølging
Eit av råda dei tek med seg er at det er viktig å tenkje på meir enn førebygging og stopping av mobbing.
?  Å stoppe mobbing er veldig viktig, men både dei som mobbar og dei som er blitt mobba treng hjelp etterpå. Det er viktig å følgje dei opp slik at dei får ein god kvardag, seier Tysdal Moe.

Så mange som 57 prosent får PTSD (posttraumatisk stressymptom) etter å ha opplevd mobbing.
?  Sjølv om mobbesituasjonen er løyst, er dette noko dei ber med seg. Derfor treng vi nokon som stiller krav til skulen om oppfølging etter mobbing, seier Eriksen.

Breitt samarbeid
Sjølv om skulen har ei sentral rolle i kampen mot mobbing, ønskjer dei tre politikarane innsats frå fleire. Blant anna vil dei ha ei mobbeombod i alle fylkeskommunar, slik som nokre fylke alt har.

?  Buskerud har gått føre med eit mobbeombod, og det viser seg at ved å bygge kunnskap kan vi hindre mobbing. Vi har lært at fylke og kommune må samarbeide, og vi må sjå nærare på sosiallærar, pp-teneste og helseteneste. Vi brenn for å auke kompetansen for å hjelpe både dei som mobbar og dei som vert utsatt for mobbing, seier Bjørg Tysdal Moe.

Tekst: Karoline Reilstad

UiS logo