MENY

Mobbingens psykologi på russisk

Mobbeforskar Erling Roland si bok Mobbingens psykologi er omsett til russisk, og gitt ut i Russland og Ukraina.

Mobbingens psykologi. Hva kan skolen gjøre? vart første gong gitt ut på norsk i 2007. Boka byggjer på norsk og internasjonal forsking om mobbing, og tek opp tema som kven mobbar og kven blir mobba, samt forståing for når mobbing skjer. Den gir ei innføring i ulike sider ved mobbing, og viser korleis skular kan arbeide for å førebyggje og stoppe mobbing.

Same mekanismane
Professor Erling Roland brenn for å spreie kunnskap om mobbing, og han tykkjer det er stas at boka når ut over Noreg sine grenser.

- Mobbing har ikkje fått så mykje merksemd i Russland, men det er grunn til å tru at det er like mykje mobbing der som i andre land. Sjølv om skulesystemet er annleis enn i Noreg, er det dei same mekanismane om verkar i mobbinga, seier han.

Erling Roland er professor ved Læringsmiljøsenteret, og har skrive fleire bøker og artiklar om mobbing. Sidan tidleg på 1980-talet har han følgd ei utviklinga kor mobbing har blitt sett på politisk dagsorden, slik at Noreg i dag blir rekna som eit av føregangslanda i å kampen mot mobbing.

Tidlegare har han òg samarbeida med land i Aust-Europa, og har vore både i Slovenia, Polen og Tsjekkia for å arbeide mot mobbing.

 

UiS logo
Framsida på russisk utgåve av Mobbingens psykologi.

Mobbingens psykologi er omset til russisk.