MENY

Ny lærarutdanning kan svekke mobbekompetansen

Den nye masterutdanninga for lærarar legg ikkje til rette for at studentane kan forske på mobbing. Edvin Bru, Ella Cosmovici Idsøe og Klara Øverland ved Læringsmiljøsenteret fryktar dette vil svekka kompetanse på mobbing i skulen, noko som kan føre til fleire mobbeoffer.

Klassesituasjon, lærer hjelper elev. Foto: Morten Brun. – Vi må leggje til rette for at lærarutdanninga famnar om det psykososiale miljøet. Manglar vi kunnskapen om korleis vi kan bli kvitt mobbing, får vi berre fleire offer, meiner Edvin Bru, Ella Cosmovici Idsøe og Klara Øverland ved Læringsmiljøsenteret. (Foto: Morten Brun)

I 2017 må alle som ønskjer å utdanne seg til å bli lærar ta ei masterutdanning på fem år. Forslaget om korleis utdanninga skal bli er no ute på høyring.

Kunnskapslaust høyringsforslag

– Eg har vanskeleg for å forstå at dei sender dette forslaget ut på høyring. Det nye masterstudiet legg ikkje til rette for at lærarstudentane kan fordjupe seg i det psykososiale miljøet på skulen. Dette er rett og slett kunnskapslaust av Kunnskapsdepartementet, seier professor i pedagogisk psykologi Edvin Bru.

Han får støtte frå kollegaene professor Ella Cosmovici Idsøe og førsteamanuensis Klara Øverland:
– Vi må ha eigne ekspertlærarar som heile tida får fagleg påfyll om dette. Dei må også fungere som rettleiarar for kollegaene sine.

Tilbake til 60-talet

– Det er utruleg at det går an. Å fjerne moglegheita for at lærarar kan utvikle kompetanse på mastergradnivå i spesialpedagogiske eller psykososiale utfordringar, kan i verste fall føre oss tilbake til korleis det var på 60- og 70-tallet, seier Bru.

I mange år har det vore særleg viktig at skulane og lærarane har god kunnskap om korleis læringsmiljøet, inkludert dei psykososiale aspekta av det, best kan leggast til rette for elevane. Kompetansen vart integrert i skulen som ein reaksjon på utfordringane med segregerte spesialpedagogiske tilbod og ei skulepsykologisk teneste som utreda elevar utan å kunne foreslå tiltak som fungerte i skulekvardagen.

Psykisk helse i skulen

12. februar gjev Bru, Idsøe og Øverland ut boka «Psykisk helse i skolen». Boka vil gje lærarar og andre som arbeider i skulen innsikt i korleis psykiske helseplagar artar seg og kva konsekvensar slike plagar kan få for læringsarbeidet til elevane. «Psykisk helse i skolen» tek òg opp korleis læringsmiljøet best kan leggast til rette for elevar med psykiske helseplagar, slik at dei får optimal læringsutvikling og sosial utvikling.
 

Les også:

UiS logo
Framsida på boka

12. februar kjem boka "Psykisk helse i skolen".