MENY

Betre med lekser?

Nokre studiar viser at lekser skapar sosiale skilnadar, medan andre meinar dei trengs for å lykkast i skulen. - Vi må få debatten kring lekser over på ein debatt om læring, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Ein gut og ei jente gjer lekser.

JADÅ, eg skal gjere dei. SNART! Poden skrik iltert til mor som for n’te gang masar om å sette i gang med leksene. Ufreden i heimen er total, stemninga på botn, og bildet av den lykkelige familien er øydelagd for heile ettermiddagen – minst.

Scena er kjend i mange heimar og det ikkje rart at debatten om lekser blussar opp frå tid til anna. Dette er eit tema mange foreldre er opptatt av, fagfolk har mange ulike meiningar om og der forskingsresultata sprikar.

Studiar har vist at lekser skapar sosiale skilnadar fordi nokre foreldre kan hjelpe barna sine meir enn andre, at lekser skapar angst eller at lekser ikkje har effekt.

Samstundes argumenterer andre studiar for at skal du lykkast i skulen, må du gjere lekser. Internasjonale studiar, der norske elevar inngår, viser til dømes samanheng mellom tida brukt til lekser og prestasjonar i matematikk. Truleg har alle studia rett på ulikt vis og under gitte føresetnadar.


Lese meir:


Spørsmålet om elevane skal ha lekser eller ikkje er eigentleg mindre interessant. Debatten kring lekser er i bestefall eit sidespor om ikkje ei avsporing. Vi må få debatten kring lekser over på ein debatt om læring.

Norsk skule har klare målsettingar gitt i læreplanen for kva elevane skal lære. Debatten bør såleis vere retta mot korleis vi konkret skal forstå kva elevane skal lære og korleis alle elevane skal utnytte læringspotensialet sitt.


Læring er hardt arbeid. Skal ein meistre stadig nye oppgåver og nå nye mål, må dei fleste av oss granske, fundere, trene, øve og atter øve. For nokre elevar vil dette sannsynlegvis medføre at dei vil ha lekser, for andre er det kanskje ikkje nødvendig eller den beste løysinga.

Spørsmålet om kvar, og saman med kven, læringsaktiviteten bør skje er det neppe heller eit svar på.

Både elevar, foreldre og skular er forskjellige. Men vi må ikkje hamne i en situasjon der vi fjernar lekser fordi nokre elevar kan lære meir enn andre ettersom det har foreldre som kan støtte og bruke tid på å hjelpe barna sine.

Særleg urovekkande vert det der lekser samen med foreldre som kan fylgje opp vert erstatta med leksehjelp av ufaglærte på skulen som skal fylgje opp mange elevar.

Foreldre kan gjere mykje for å hjelpe barna til å lære. Studiar OECD har gjennomført i samband med PISA undersøkingane i 2006 og 2009, har til dømes vist interessante resultat. Femten år gamle elevar som hadde foreldre som ofte las ei bok med dei gjennom det første året på barneskulen, viste markert betre resultat i undersøkinga frå 2009 enn elevar som hadde foreldre som las sjeldnare. Den sosioøkonomisk bakgrunnen til familien hadde ingen innverknad på resultata.

Det å spørje barna om korleis dei har hatt det på skulen og dagleg vise genuine interesse for kva dei lærer, kan ha same innverknad som mange timar med privatundervisning, hevdar forskarane bak studien. Dette kan alle foreldre gjere uavhengig av utdanning og sosial bakgrunn.

Ein treng ikkje forstå matematikk i detalj for å vise interesse. Om dette er, eller medfører, lekser vil variere, men bodskapen er klar: Skal barnet ditt lære best mogleg, må du vise interesse for skulen og arbeidet der, vise at skulen er viktig. Ikkje minst: les ei bok for eller med barnet ditt.


Teksten er skriven av Sigrun K. Ertesvåg og stod på trykk i Stavanger Aftenblad 23.mars 2012.

UiS logo