MENY

Den eine

Du kan vere den vaksne som gjer ein forskjell, skriv Sigrun K. Ertesvåg. Les hennes siste spalte.

Eg møtte Hanne ved butikken, det var lenge sidan sist. Elleveåringen hadde mykje å fortelje om ferien og alt ho hadde gjort. Ho fortalde om tur til Dyreparken og telttur i fjellet. Det har ikkje alltid vore slik. Hanne har det vanskeleg heime og må nok ofte klare seg sjølv. No går det betre. Hovudårsaka til det er ei nabokjerring som ser at Hanne treng nokon å snakke med, og som inviterer henne med på opplevingar saman med eigne barn.

Mange barn har foreldre som av ein eller annan grunn ikkje bryr seg nok om dei. Årsakene kan vere mange, alt frå psykiske vanskar eller rus, til foreldre som rett og slett er for opptatt av eige liv og karriere. Uavhengig av årsak har desse barna ofte ein tøff kvardag. Dei har behov for andre vaksne som ser dei og bryr seg.

Ein som bryr seg kan vere nok. Barn som klarer seg godt trass i at oppveksten har vore svært vanskeleg, omtalar vi gjerne som løvetannbarn. Omgrepet viser sjølvsagt til løvetanna som kan trenge seg fram på dei underlegaste stadar og under dei karrigaste kår. Likevel er det ein klar føresetnad for løvetanna: ho treng sollys. Slik er det med barn òg, dei treng minst ein vaksen som bryr seg.

Barn som har det vanskeleg under oppveksten har auka risiko for seinare vanskar. Mange av desse barna klarer seg godt trass i tilhøva dei veks opp under. Før trudde ein at dette var barn som var ekstra robuste og som dermed klarte seg trass i ein vanskeleg oppvekst. Dei pressa seg opp av eiga kraft - akkurat som løvetanna. Forsking viser derimot eit anna bilde. Eit fellestrekk hos desse barna er at dei har hatt eit sterkt band til minst ein vaksen: ei bestemor, ein lærar eller ein nabo.

Ferietid kan vere ei ekstra stor belastning for desse barna. Dei fleste av oss, små som store, ser fram til ferien. Vi er saman med familien, har reist til fjellet, til sjøen eller til utlandet. Opplevingane står i kø. Felles for oss er at vi har mykje å fortelje når vi kjem tilbake til skule og jobb.

Sjølv kan eg fortelje om flotte sykkelturar på Sunnmøre eller spenninga då vi trakk kveitevad (line) utanfor Sør-Senja. Ikkje minst kan eg klage over det dårlege været. Ein soldag på fire veker er i minste laget. For barn og unge som lever under ugunstige forhold kan ferien derimot vere ekstra vanskeleg. Det er ofte lite å fortelje om, og det som er, vil ein gjerne skjule. Opplevinga av å vere annleis, å ikkje leve opp til forventingane om mange og eksotiske opplevingar å fortelje om når ein kjem tilbake til skulen, er påtrengande. Ofte gjer dei alt for å skjule kor vanskeleg det er heime.

Du kan vere den vaksne som gjer ein forskjell, slik nabokjerringa er for Hanne. Ofte er det ikkje så mykje som skal til. Å ta med ein ekstra unge i baksetet til stranda, i Kongeparken eller på tur i fjellet. Å invitere ein ekstra til middagsbordet som kan oppleve eit måltid i fred og ro. Å ta deg tid til å prate med ein kamerat eller venninne av barnet ditt om korleis han eller ho har det.

Unicef Norge har tatt initiativ til Den ene, ein nettstad som viser korleis vi alle kan gjer ein forskjell i livet til eit barn. Alle barn er våre barn. Det krev i mange tilfeller lite, men betyr mykje. Du kan finne di Hanne og vere den eine.

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Teksten er skriven av Sigrun K. Ertesvåg og stod på trykk i Stavanger Aftenblad 27.07.2012.