MENY

Klart vi kan!

Eg skulle ynskje at vi i skulen kunne tenkje meir som Hødd og tru på det umoglege, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Fotball gjer noko med folk, både på og utanfor bana. Eg innrømmer at eg er litt sportsidiot, men ikkje superinteressert i fotball. Når Hødd frå heimkommunen min Ulstein kjem til cupfinalen, er det derimot annleis, då er vi alle høddarar. Vi gleder oss stort på klubben og bygda sine vegne. Denne gangen skal eg ta dykk med til Ulsteinvik og vinnarkulturen i den vesle sunnmørsbygda med eit fotballag i cupfinalen, eit næringsliv som blomstrar og kåra av staten til den mest attraktive staden i landet.

Korleis kan Hødd som kjempar nedst i 1.divsisjon kome til cupfinalen? Litt hell er det, men det er langt meir enn det. Stolte fotballtradisjonar og systematisk arbeid i klubben og kommunen over mange tiår, til dømes. Sett i forhold til folketalet er det ikkje få gode fotballspelarar bygda har fostra. Tradisjon og hell er ingrediensar, men for spelarane som sprang ut på bana i semifinalen, var andre faktorar vel så viktig: motivasjon, ikkje ta lett på oppgåva og ikkje minst tru på at ein kan lykkast.

Vi likar det når ein underdog vinn og tek seg til finalen, slik Hødd har gjort. Også i skulen ser vi av og til at underdogen lykkast, men eg skulle ynskje at vi i skulen kunne tenkje meir som Hødd og tru på det umoglege. Utgangspunktet er på eit vis annleis. Spelarane på Hødd har sidan dei var små, opplevd at nokon har sett potensialet deira og gitt dei oppgåver og trening som har gjort at dei opplever å mestre.

Dei har lykkast med noko svært mange vurderer som viktig. Opplevinga av å mestre er sterkt motiverande for vidare innsats for å verte endå betre. I skulen er det mange som aldri opplever å mestre noko viktig. Parallellen til Hødd er ikkje heilt borte vekk likevel. Kven hadde trudd at laget skulle rundspele Brann i semifinalen?

Mange elevar i skulen hentar ikkje ut potensialet sitt. Ei av årsakene er at vi ikkje klarer å gi dei mestringsopplevingar, ikkje klarer å motivere dei og ikkje gir dei kjensla av å vere del av eit fellesskap som lykkast. Elevar må oppleve at dei vert stilt krav til, passe store krav. Ventar ikkje læraren at du skal prestere noko, er dette langt lettare å leve opp til enn å vise at læraren tek feil. Å verte møtt av ein lærar som tek deg på alvor, har tru på at du kan lykkast og gir passe store utfordringar, er avgjerande for at mange elevar skal mestre.

Fotballspelarane har trena, og atter trena, på ferdigheiter som er viktig for å verte god. Eit godt grunnlag, men avgjerande i møte med Brann var ein kultur som viser at ein saman kan få til noko, berre ein har tru på at det går an. Eg ynskjer meir av denne innstillinga i skulen. Fotballspelarane på Hødd er del av ein kultur som trur på det umoglege, berre ein spelar på same lag og ser muligheitene, ikkje grensene. Det er vel berre sunnmøringen som kan tru at skipsindustri som Ulstein er tufta på, er liv laga i høgkostlandet Noreg.

I Hødd er det plass for alle. Laget har aktivt satsa både på toppfotball, bredde og integrering. Hødd United er eit lag for utviklingshemma frå ulike kommunar på Sunnmøre, ei gruppe som ikkje har flust med tilbod. Laget er ikkje til å kimse av, i september tok dei sølv i Landsturneringa. A-laget har noko å leve opp til. Hødd United har mottoet: Klart vi kan!

Så kan Hødd vinne cupfinalen? Utan tvil, klart dei kan, om trua på at det går an er sterk nok.

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Teksten er skriven av professor Sigrun K. Ertesvåg, og stod på trykk i Stavanger Aftenblad 19.oktober 2012.