MENY

Mor til Julie Brodtkorb

Viss du køyrer på raudt, og poden ser det, har du lagt egget, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Her om dagen ringde ein journalist på jakt etter bakgrunnstoff i ei sak. I løpet av samtalen let han meg forstå at han var rimeleg oppgitt over skulen og lærarane til sonen, som har dyseksi. Han ga relativt klart uttrykk for kor frustrert han var over skulen.

Litt syrleg sa han: No må du fortelje kva vi foreldre skal gjere for å hamle opp med skulen (les: korleis be skulen skjerpe seg) slik at barna våre får den opplæringa dei har rett på. Eg høyrde han venta seg eit quick-fix svar frå ein pedagog, så eg formulerte svaret like syrleg: Du må snakke godt om skulen og lærarane. Hæ?

Ja, du må snakke pent om lærarane, og du må passe på at poden høyrer kor dyktige lærarar han har og kor godt du likar dei. Men eg likar dei ikkje. Ja, då har du ein jobb å gjere, for poden må tru på deg. Du forstår, barn tek etter foreldra sine. I eit og alt. Viss du køyrer på raudt, og poden ser det, har du lagt egget. Du har avla ein trafikksyndar. Så det betyr altså at hvis eg omtalar rektor som ein tufs og læraren som ein udugeleg døgenikt, så får eg ein pode som gir opp, klagar på læraren og gir skulen skulda for at han ikkje lærer noko som helst? Nettopp.

Er det andre teknikkar eg kan bruke for at poden skal lære mest mogleg? Eg fornemma forventinga.
Du kan gjere som mor til Julie Brodtkorb, høgredama. ??? Ja, du må samarbeide med lærarane til poden, og med rektor, ja han tufsen. De må saman vise poden at de samarbeidar om å hjelpe han.

Men kva har mor til Julie Brodtkorb med dette å gjere? Då må eg få byrje på byrjinga. Ja? Ein tidleg søndag morgon eg høyrde på radio delte Julie Brodtkorb erfaringane med å ha dysleksi: «Kjensla når alle i klassa ler, og du kjenner at du ikkje heilt forstår kva du har gjort galt. Det sit igjen lenge hos eit barn». Ho fortalde om problem med bokstavane b og d som til dømes resulterte i at når ho las høgt frå stilen, blei familiehytta Britabu til Dritabu. Klassa lo. Ho kjende seg dum.

Det kunne vore ei av mange historier om ein skulegang som gjekk galt på grunn av skulen sin manglande kunnskap om dysleksi, om manglande tiltak og oppfølging. I staden var det historia om ei mor som ga ho gode arbeidsvanar og som las alle lærebøkene til Julie inn på band fordi ho lærte fort når ho høyrde, men streva om ho skulle lese. Historia om ein klok lærar og ein rektor som saman med med foreldra la ein strategi der dei utnytta det Julie var god til, og ho fekk vise seg fram på arenaer ho meistra godt.

For Julie var det å presentere munnleg og å deklamere, noko ho likte og var dyktig til, berre ho fekk hjelp til å stokke b-ar og d-ar rett på førehand. Dette meistra ho godt. Meistringsopplevinga ga ho tru på seg sjølv og gjorde at ho tålte betre å verte ledd litt av når det gjekk galt med b-ar og d-ar.

Men eg har ikkje tid til å lese inn alle bøkene på band, og dessutan er det ikkje min jobb, det er skulen sin. Ta deg tid ...og ros lærarane. Så skal du og skulen saman arbeide for at poden får den hjelpa han har krav på. I mellomtida skal du ta deg tid til å lese inn alle bøken om det hjelper son din.
Skal du skape ein skulevinnar må du gjere som mor til Julie Brodkorb som spelte på lag med lærarane og skulen.

Er du ikkje nøgd med tilbodet kan du klage til rektor, skulesjefen, Fylkesmannen... i den rekkefylja.

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Teksten er skriven av professor Sigrun K. Ertesvåg og stod på trykk i Stavanger Aftenblad 16.mai 2013.