MENY

Motivasjon for læring

Å motivere alle elevane er ei av dei største utfordringane lærarar møter, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Som ung (ufaglært) lærar undra eg mykje på korleis eg skulle hjelpe Anders i 7. klasse med å lære engelsk. Anders verka totalt uinteressert uansett kva eg prøvde. Nei, han trengte ikkje engelsk. Han skulle ikkje ut å reise, hadde det fint her heime.
Han trengte det heller ikkje i utdanning, han var odelsgut og skulle ta over garden. Leksene var svært mangelfulle, om dei i det heile var gjort.

Det såg mørkt ut. Heilt til arbeidsboka hadde eit bilde av ein traktor der elevane skulle setje namn på ulike delar. Oppgåva var gjort på få minutt. Dagen etter viste Anders forsiktig, ikkje lite stolt, fram arbeidsboka. Han hadde sett inn namnet på langt fleire delar enn boka spurte om. Han hadde óg klipt ut eit bilde av ein motor der han hadde sett engelske namn på delane.

Motivasjon er sentralt for å lykkast i skulen. Å motivere alle elevane er ei av dei største utfordringane lærarar møter. Motivasjon kan kome innanfrå eller utanfrå. Ein elev som er indre motivert gjer ei oppgåve fordi han finn det utfordrande, interessant eller tilfredsstillande. 

Aktiviteten i seg sjølv og det du kan lære er det sentrale, ikkje kva gevinst som ventar når oppgåva er fullført. Nokre gangar går eleven heilt opp i aktiviteten og gløymer tid og stad. Av og til vil derimot krav frå nokon rundt oss, eller indre press, drive aktiviteten. Dette er ytre motiverte handlingar. Gevinsten som ventar er det viktige for at oppgåva vert gjort. Ein elev som utfører ei oppgåve fordi foreldra har lova 1000 kroner om elev gjer det godt, er ytre motivert.

Det er inga overrasking når motivasjonsforskarar stadfester at elevar som er motiverte for å lære presterer betre, viser betre forståing for det som vert undervist, trives betre på skulen og har mindre sjanse for å droppe ut, enn elevar som ikkje er motiverte. Heller er det inga overrasking når forsking finn at elevar som er indre motivert, som lærer av interesse, lykkast best i skulen.

Det positive er at ein kan utvikle motivasjon. Studiar tyder på at desse fire faktorane fremmar motivasjon hos elevar: 1) dei opplever å ha nok forkunnskap for oppgåva, 2) dei ser ein direkte link mellom aktiviteten og resultatet dei skal oppnå og opplever å ha kontroll over korleis oppgåva skal utførast, 3) ei oppgåve er interessant eller nyttig og 4) det å fullføre ei oppgåve gir sosial gevinst som respekt frå nokon som ein bryr seg om.

Det fins ingen enkeltmetode eller strategi som kan motivere alle elevane, men ein enkelt situasjon kan starte ein glød i alle elevar. Til dømes vil foreldre, og lærarar, som stiller spørsmål som gjer at eleven kan forklare korleis han tenkjer og som stadig gir ny kunnskap som bygg på kunnskap eleven alt har, kunne bidra til auka indre motivasjon for skulearbeidet. For Anders var interessa for køyrety av ulikt slag ein døropnar som motiverte for engelskfaget.

Både Anders og eg lærte mykje den dagen. Anders lærte at engelsk kan vere artig og gi kjensle av mestring. Sjølv om eg ikkje forstod det den gang, lærte eg mykje om kva som utviklar indre motivasjon hos elevar.

Skuledebatten i dag har meir fokus på anonym retting, varm lunsj, karakterar på barnetrinnet og manglande symjeopplæring enn på den viktigaste faktoren for å lykkast i skulen: motivasjon for læring. Det er eit problem.

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Teksten er skriven av professor Sigrun K. Ertesvåg, og den stod på trykk i Stavanger Aftenblad 7.juni 2013.