MENY

Rampegutar og snille jenter

Sosial bakgrunn og etnisitet har langt meir å seie for om ein elev lukkast i skulen, enn om ein er gut eller jente, skriv Sigrun K. Ertesvåg.

Eg svevar høgt over Atlanteren på veg til Santiago. Den komande veka vil forskarar, byråkratar og praktikarar frå heile verda møtes for presentasjon og drøftingar av det nyaste nye på skulefronten. Sentrale spørsmål vil vere korleis vi kan gjere dagens skule best mogleg for alle elevane, korleis vi unngår taparar i skulen.

I Noreg har vi dei seinare åra hatt relativt mykje fokus på kven som er vinnarar og taparar i skulen. Gjennom media har vi dei seinare åra fått presentert studiar som viser at jenter gjer det betre enn gutar i skulen.

Oversikter viser at jenter får betre karakterar enn gutar, i større grad tek høgare utdanning, og at gutar mottar meir spesialundervisning enn jenter. Går vi nokre tiår tilbake var det motsett, då vart jentene framstilt som taparane i skulen, som vart oversett av lærarane, brukt som buffer mellom dei bråkete gutane, og som ikkje meistra realfagsundervisninga.

Kva som har skjedd, er det ulike meiningar om, men dei fleste er einige om at årsaka ikkje er at gutar har vorte dummare eller jentene klokare. Endringane forklarar ein gjerne med endringar i samfunnet eller endringar i skulen.

I dag kan ein få inntrykk av at jentene lykkast i skulen på bekostning av gutane, slik er det sjølvsagt ikkje.

Sjølv om gutane ser ut til ha noko dårlegare resultat enn jentene, er det ikkje slik at dei fleste gutar går mot ei tapt framtid. Skilnadane i karakterane mellom jenter og gutar på ungdomstrinnet er heller ikkje dramatiske. Forklaringane som vert gitt er gjerne skulesystemet og at det er fleire kvinnelege enn mannlege lærarar, særleg på barnetrinnet. Studiar har derimot vist at om elevane har kvinnelege eller mannlege lærar ikkje har noko å seie for resultata.

Det underlege er at diskusjonen om vinnarar og taparar i skulen gjerne vert knytt til kjønn, ikkje til andre faktorar som spelar større rolle for kor godt ein meistrar skulen. At det er andre forhold som er langt viktigare er det lite fokus på.

Vi likar ikkje å snakke om klasseskilnadar i Noreg, og slår oss gjerne på brystet og skryt av vårt like samfunn der alle har like muligheiter. Langt på veg gjer vi dette med rette. Det er på mange område langt mindre skilnadar mellom oss enn innbyggarar i andre land, og vi har langt på veg like muligheiter, på papiret i alle fall. Det betyr ikkje at vi ikkje har klasseskilnadar i Noreg. Vi likar berre ikkje å snakke om det.

Sosial bakgrunn og etnisitet har langt meir å seie for om ein elev lukkast i skulen, enn om ein er gut eller jente. Det er større sjanse for at ein etnisk norsk elev fullfører vidaregåande skule enn at ein ikkje-etnisk norsk elev gjer det. Elevar som har vore i kontakt med barnevernet, slit meir i skulen enn andre elevar. Likeeins elevar som vurderer at dei heime har det dårlegare økonomisk enn andre elevar.

Ikkje overraskande er motivasjon og engasjement faktorar som viser sterk samanheng med gode resultat, uavhengig av kjønn. Desse faktorane får lite merksemd i debatten.

Trass i alle dei kloke hovuda som møtes i Santiago, løyser vi neppe problema den komande veka. Håpet er likevel at skal forstå meir av årsakene, mekanismane bak problema, og korleis vi skal løyse desse utfordringane i skulen. Men svaret ligg neppe i sterkt fokus på kjønnsskilnadar

UiS logo
Faksimile frå Stavanger Aftenblad.

Teksten er skriven av professor SigrunK. Ertesvåg, og stod på trykk i Stavanger Aftenblad 11.januar 2013.